Koordinerande pasient- og brukarombod

Eit nasjonalt koordinerande pasient- og brukarombod skal forsterka samarbeidet mellom dei femten lokale omboda, slik at tilbodet vert betre og likare for pasientar og brukarar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.06.2020

Det koordinerande ombodet skal bidra til å utvikle felles arbeidsmetodikk, støtta dei øvrige omboda med systematisk kompetanseutvikling og bidra til felles løysing og forståing av prinsipielle saker. Målet er at tilbodet vert betre og likare for pasientar og brukarar.

Norge har i dag femten pasient- og brukarombod som skal ivareta pasient og brukar sine behov, interesser og rettstryggleik i helse- og omsorgstenesta. Dei jobbar også for å betra kvaliteten på desse tenestene.

Det koordinerande ombodet skal leggast permant til Bergen. Jannicke Bruvik, pasient- og brukarombod i Hordaland, er det første ombodet som får denne rolla. Ho tiltrer i stillinga 1. september 2020.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner