Helsepersonell som utfører kosmetisk behandling må også følgje lova

Vi har fått fleire klager og bekymringsmeldingar som gjeld medisinsk kosmetisk verksemd. Helselovgjevinga gjeld også for dette området og praksisen kan vere uforsvarleg. I nokre saker har involvert helsepersonell fått åtvaring frå Helsetilsynet, grunna brot på lov og forskrift. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.03.2021

Organisering av verksemda

Når ei verksemd utfører injeksjonar med reseptpliktige legemiddel som Botox, skal ein lege stå som medisinsk fagleg ansvarleg. Legen må ha naudsynt kompetanse til å vere medisinsk ansvarleg, og har ansvar for at pasienten er rett vurdert, at behandlinga vert rett utført og at komplikasjonar vert rett handsama. Legen må vere tilgjengeleg for å gi naudsynte råd og hjelp.

Bruk av reseptpliktig middel er omfatta av forskrift om rekvirering og utlevering av legemiddel frå apotek og dokumentasjonsplikt etter helsepersonellova. For medisinsk laserbehandling gjeld strålevernforskrifta.

Marknadsføring av kosmetiske inngrep er òg lovregulert og skal vere forsvarleg, nøktern og sakleg. Det er ikkje lov å bruke før- og etterbilete i reklame for kosmetiske inngrep.

Diagnostikk av alvorleg sjukdom

Når verksemda reklamerer med at dei har kvalifisert helsepersonell, gir dette ei forventning om at behandlinga vert gjort på ein fagleg god måte. Etter helselovgjevinga skal praksisen vere omsorgsfull og fagleg forsvarleg, som alt arbeid helsepersonell utfører. I dette ligg òg ei forventning om ein kvalifisert vurdering, der helsefarlege tilstandar ikkje blir handsama som kosmetiske problem. Dette gjeld blant anna fjerning av føflekkar med laser.

Innskjerping av lovverket på høyring

Ei endring med innskjerping av lovverket er no på høyring i Stortinget. Endringane gjeld blant anna 18 års aldersgrense for slik behandling, strengare marknadsføring og klarare definisjon for kva som er helsehjelp.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.