Har du behov for helsehjelp når du er på hytta i sommar?

Du har krav på dei helse- og omsorgstenestene du treng i den kommunen du oppheld deg i. Kva type tenester kommunen pliktar å gi, kjem an på hjelpebehovet ditt og lengda på opphaldet.

Publisert 15.06.2023, Sist endret 15.06.2023

Statsforvaltaren får kvar sommar spørsmål frå personar som treng helsehjelp frå kommunen når dei skal feriere på hytta. Har du dei same rettane på hytta som heime?

Eit sørga for-ansvar

Kommunen har ei plikt til å sørga for at alle som oppheld seg i kommunen får nødvendige helsetenester. Det er behovet ditt som avgjer kva kommunen er forplikta til å yte i den enkelte sak. Dette sørga for-ansvaret gjeld og for ferierande som oppheld seg i kommunen i ein avgrensa periode. Avhengig av kva type helsehjelp du treng, kan kommunen krevja ei viss lengd på opphaldet før plikta til å yta tenester trer inn.

Har du krav på dei same tenestene som heime?

Kva tenester kommunen er plikta til å yta feriegjester, er avhengig av hjelpebehovet og lengda på opphaldet. Det vil i nokre tilfelle vera forsvarleg med eit mindre omfang av tenester enn det du får i heimkommunen. Nokre av tenestene du har heime, vil du i ein kortare periode kunne klara deg utan, sjølv om det ikkje er forsvarleg over ein lengre periode.

Kommunen må vurdera kvar sak individuelt

Etter helse- og omsorgstenestelova er det opphaldsprinsippet som gjeld. Ved avslag på søknad om tenester, kan ikkje kommunen grunngi avslaget med at vedkommande ikkje bur i kommunen. Kommunen må ta utgangspunkt i kva hjelpebehov den enkelte har og gjera ei individuell vurdering. Det må òg gå fram i avslaget, kvifor vedkomande ikkje får dei tenestene vedkomande har søkt om.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Lovkommentar til helse- og omsorgstenestelova § 3-1

«Det er ikke krav om at personen har fast bosted i kommunen eller fast oppholdssted. Det er heller ikke krav om at oppholdet må vare en viss tid. Ansvaret omfatter således også den som er på ferie, gjennomreise eller av annen grunn oppholder seg mer kortvarig i kommunen. (…). Det er (…) helt klart at en oppholdskommune ikke kan henvise en som søker helse- og eller omsorgstjenester til en annen kommune, f.eks. bostedskommunen.»