Dei som treng koronavaksine mest får den først

Vi har fått fleire klager frå personar som er ueinig i prioritering av vaksinering mot covid-19. Vaksinasjonsrettleiaren frå Folkehelseinstituttet er tydeleg på kva som gjeld.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.03.2021

Bakgrunnen for prioriteringa er kva grupper som har størst risiko for alvorleg sjukdom og død, der høg alder skil seg ut som den dominerande risikofaktoren. Dette er òg bakgrunnen for at til dømes personar med kritiske samfunnsfunksjonar ikkje er prioritert som gruppe, med unnatak av helsepersonell.

Slik er prioriteringsrekkefølgja av risikogruppene:

  1. Bebuarar i sjukeheim
  2. Alder 85 år og eldre
  3. Alder 75-84 år
  4. Alder 65-74 år, og samtidig personar mellom 18 og 64 år med sjukdommar eller tilstandar med høg risiko for alvorleg forløp (merka med * i oversikta over risikogrupper hos FHI)
  5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdomar eller tilstandar (sjå oversikta over risikogrupper hos FHI)
  6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdomar eller tilstandar
  7. Alder 18-44 år med underliggande sjukdomar eller tilstandar
  8. Alder 55-64 år
  9. Alder 45-54 år

Ungdom 16-17 år – Det blir opna for vaksinasjon av ungdom med høg risiko for alvorleg sjukdom, då med Pfizer/BioNTech-vaksinen som er godkjend frå 16 år.

20 prosent av vaksinane kan gå til helsepersonell

Inntil 20 prosent av tilgjengelege vaksiner i kommunane kan bli gitt til utvalde grupper av helsepersonell i primærhelsetenesta. Desse blir vaksinert parallelt med dei ulike prioriteringskategoriane av risikogrupper. Utveljing av helsepersonell blir gjort etter kriterium definert i januar:

  1. Helsepersonell som arbeider innan essensielle tenester, og som er kritisk vanskeleg å erstatte. Dette betyr personell som det finst få av og som har spesialisert kompetanse, og som er vanskeleg å skaffe eller erstatte ved omplassering av anna personell, og som fyller viktige funksjonar som ikkje kan reduserast utan at det vil ha betydelege konsekvensar for liv og helse
  2. Har direkte pasientkontakt der smitte med SARS-CoV-2 frå pasient til tilsett er ein risiko

Sjå heile rettleiinga for vaksinasjon av helsepersonell i primær- og spesialisthelsetenesta her.

Les heile saka om prioriteringsrekkefølgja, definisjon av risikogrupper, grunngjeving, korleis prioriteringa kan endrast og vaksineringsscenario hjå Folkehelseinstituttet. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.