Nasjonal fagleg retningsline for mat og måltid i barnehagen

Hovudbodskapen er at barna skal ha gode rammer for måltida, og mat og drikke skal ha god ernæringsmessig kvalitet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.07.2019

Retningslina inneheld fleire nye tema, mellom anna matallergiar og matintoleranse. Ho gir tilrådingar om gode rammer for måltida og om val av ulike slag mat og kasting av mat.

Fokusområde

Dei tolv tilrådingane gjeld gjennomføring av måltida, den ernæringsmessige kvaliteten på mat og drikke, mattryggleik og hygiene, matallergi og matintoleranse, og miljøomsyn.

Tilrådingane er grunngitte. Det er omtalt korleis tilrådingane kan gjennomførast og det er refleksjonsspørsmål til kvar av dei. Spørsmåla er meint som hjelp til å finne gode løysningar i kvar barnehage slik at alle barn kan få eit mest mogeleg likeverdig tilbod om mat og drikke.

Tilrådingane frå Helsedirektoratet

  1. Barnehagen bør legge til rette for minst tre faste måltid om dagen, med medbrakt eller servert mat.
  2. Barna i barnehagen bør få god tid til å ete, minst 30 minutt.
  3. Mat og måltid som blir servert i barnehagen bør vere varierte og i tråd med Helsedirektoratets kostråd.
  4. Barnehagen bør servere grønsaker og frukt eller bær kvar dag.
  5. Barna bør få tilbod om lett- eller skummamjølk og vatn til måltida i barnehagen, og vatn bør alltid vere tilgjengeleg.
  6. Servering av kaker, kjeks, is, saft og liknande bør avgrensast i barnehagen. Godteri, snacks og brus bør ein unngå.
  7. Etemiljøet i barnehagen skal fremje helse, mat- og måltidsglede, og personalet bør delta aktivt i måltidet.
  8. Måltida i barnehagen skal vere ein pedagogisk arena der barna får medverke i mat- og måltidsaktivtetar.
  9. Det skal leggast til rette for god handhygiene i barnehagen, og handvask bør gjennomførast før måltida.
  10. Maten i barnehagen skal vere lagra, førebudd, servert og merka i samsvar med regelverk og råd frå Mattilsynet.
  11. Barnehagen skal ta omsyn til barn som har særlege behov knytt til mat og måltid.
  12. Barnehagen bør ha ein miljøvenleg praksis med lite matsvinn og eit mattilbod kor plantebaserte matvarer og fisk og sjømat er sentralt. 

Retningslina frå 2018 erstattar den tidlegare retningslina frå 2017, og er utarbeidd av Helsedirektoratet i lag med Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet og ei ekstern arbeidsgruppe.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.