Lyser ut tilskot for betre psykisk helse

Kommunar og organisasjonar kan søkje Vestland fylkeskommune om støtte til å kome i gang med ABC-modellen for god psykisk helse.

Publisert 30.06.2025

Føremålet med ABC for god psykisk helse er å fremje god psykisk helse, auke helsekompetansen i befolkninga og inspirere fleire til å gjere gode val for eiga og andre si psykiske helse.

ABC-modellen (act, belong, commit) er eit kunnskapsbasert rammeverk som syner at det å vere aktiv, inngå i sosiale fellesskap, og gjere ting ein synest er meiningsfulle, styrkar livskvaliteten og den psykiske helsa.

Vestland fylkeskommune lyser ut 2,4 millionar kroner til ABC for god psykisk helse, med søknadsfrist 1. september 2025. Les meir på nettstaden til fylkeskommunen: ABC for god psykisk helse - Vestland fylkeskommune

Les også meir om folkehelsekampanjen på nettstaden til Helsedirektoratet: ABC for god psykisk helse – kampanje og tiltak i kommuner og fylkeskommuner - Helsedirektoratet

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.