Koronapandemien rammar barn og unge i Vestland

Helsesjukepleiarar og einingsleiarar i helsestasjons- og skulehelsetenestene i Vestland melder om større trykk etter at tenestene opna opp etter stenging i vår. Barn og unge kjem med meir alvorlege og komplekse problemstillingar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.12.2020

Fylkesmannen i Vestland har hatt samtalar med leiande helsesjukepleiarar og einingsleiarar for helsestasjons- og skulehelsetenestene i 27 av dei 43 kommunane i Vestland. Ein kommune sendte i tillegg tilbakemelding per e-post. I samtalane har tema vore kva innverknad pandemien har hatt på tenestene, om tenestene fangar opp barn og unge som har det vanskeleg og samarbeid med andre tenester om barn og unge.

Fleire alvorlege problemstillingar

Etter tenestene opna opp att melder fleire om eit større trykk i skulehelsetenestene – både frå barn, foreldre og tilsette i skulane, auke i tilvisingar til psykisk helse i kommunane og auke i besøk til helsestasjon. Helsesjukepleierane og einingsleiarane melder til oss at barn og unge slit med einsemd, bekymring, stress, angst og helseangst, søvnproblem, depresjon, tvangstankar, skulevegring, problemstillingar kring mat – både overvekt og spisevegring, tvangstankar og sjølvskading. Det blir også meldt om familiekonfliktar, omsorgssvikt og vald i nære relasjonar.

I tilbakemeldingane viser fleire til at pandemien truleg gjorde at fleire sårbare barn og unge gjekk under radaren. Mange fekk følgt opp sårbare barn og unge som dei allereie kjende til,  men faren er stor for at dei ikkje greidde å fange opp nye. 

Som eit resultat av pandemien fortel fleire om alternative måtar å halde kontakt med barn og unge - som å opprette snapchat-konto, ringe til dei som trong ekstra oppfølging, vere tilgjengelege på telefon og ha digitale møte, og å møte barn og unge utandørs. Ei teneste peika på at digital kontakt også kan vere ei utfordring, ettersom at ein då ikkje har oversikt over kven som kan vere til stades i rommet og at dette kan gjere det vanskeleg for barnet eller ungdomen å snakke fritt. Det er også store skilnader på kva som er mogeleg å observere på skjerm samanlikna med å møte barn og unge ansikt til ansikt.

Nokre av dei vi snakka med peikar på at det er vanskeleg å seie om dette kan vere normale variasjonar, eller om det er ein konsekvens av pandemien. Nokre sa òg  at det ikkje var nokon skilnad i problematikken som barn og unge tek opp, og heller ikkje noko auke. Smittetrykk i kommunen kan vere ei medverkande årsak til variasjonen.

Samarbeid med andre tenester og meldingar til barnevernet

Fleire melder om godt samarbeid med barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), men for ein del barn og unge er lenger ventetid og at avtalar blir avlyst eit problem. Videokonsultasjon blir nytta, men dette kan vere utfordrande med heimekontor. 

Eit fåtal av dei vi snakka med viser til at samarbeidet med barnevernet er utfordrande og ønskjer informasjon og betre samarbeid. Fleire melder om at det oppstod eit vakuum i vår då skulane var stengt og dei ikkje kunne møte elevane, og at det vart sendt færre meldingar til barnevernet. Nokon melder om store bekymringar i etterkant av at melding er sendt, og at nokre barneverntenester no er belasta med mange saker. Andre melder om at talet meldingar no er normalt. Ein kommune melder om stor auke i talet på meldingar til barnevernet etter at tenestene kom tilbake i tilnærma normal drift. Nokre av dei vi snakka med jobba med å betre samarbeidet med barnevernet for å kunne gi meir heilskapleg hjelp til barna.

Testing, influensa- og pandemivaksinering

Mange helsesjukepleiarar vart omdisponert til testing og smittespring i starten av pandemien. Etter at dei nasjonale føringane som sa at helsetenester til barn, unge og gravide bør vere i normal drift kom i juli,  er dei fleste tilbake i helsestasjon- og skulehelsetenesta.  Dei fleste melder òg om at dei er tilbake i tilnærma normal drift, og a jour med gjennomføring av helsestasjonsprogram og vaksineringar. Dei som ikkje er tilbake i normal drift, melder om at det handlar om gruppetilbod som ikkje kan gjennomførast på grunn av små lokale. Nokre har vore tett involvert i influensavaksinering, medan andre har vore heilt skjerma. Fleire av helsesjukepleiarane ventar at dei blir sentrale i den komande pandemivaksineringa.

Fleire einsame nybakte foreldre

Ettersom det for mange helsestasjonar er vanskeleg å gjennomføre barselgrupper og babygrupper på grunn av smitteverntiltak, er ein annan konsekvens av pandemien også fleire einsame nybakte foreldre. Nybakte foreldre manglar den sosiale arenaen der ein møter andre småbarnsforeldre og kjenner på einsemd. Nokre helsestasjonar melder om at foreldre har hatt behov for fleire støttesamtalar og ekstra oppfølging.  

Les meir om dei nasjonale føringane som seier at helsetenester til gravide, barn og unge bør vere i normal drift, og at kommunane må planlegge for tilstrekkeleg personell til TISK-oppgåver (testing-isolering-smittesporing-karantene) utan at det går på kostnad av nødvendig helsehjelp til barn og sårbare grupper, i brev frå Helsedirektoratet. Dei finn du under «Lenkjer» og «Dokument».

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.