Jamleg lusesjekk reduserer smitte

Folkehelseinstituttet oppfordrar skular og barnehagar, foreldre og føresette til å bli med på den nasjonale lusesjekken helga 31. august–1. september.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.08.2019

Dersom alle sjekkar og behandlar seg for lus på same tidspunkt, vil det redusere hovudlusbestanden over tid.

Hovudlus er eit tilbakevendande problem i skular og barnehagar. Anslagsvis er det ein til to prosent av norske barn som til ei kvar tid har hovudlus, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Folkehelseinstituttet har utarbeidd informasjonsmateriell til bruk i skular og barnehagar, slik at ein kan vidareformidle til foreldre og føresette korleis ein sjekkar og behandlar hovudlus.

Her finner du informasjon om korleis ein oppdagar og behandlar lus. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.