Arbeidsmiljøet til barna blir ikkje sikra gjennom kommunane sine tilsyn

Eigarar og leiarar av barnehagar og skular skal sikre gode inne- og utemiljø for barna, og kommunane fører tilsyn med barnas «arbeidsmiljø». 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.07.2020

Fjorårets landsomfattande tilsyn avdekte lovbrot i 42 av dei 51 kommunane der det vart gjennomført tilsyn.

I Vestland undersøkte vi kommunane Askøy, Osterøy, Aurland, Flora, Fitjar og Kvam i 2019. Tilsyna med Aurland, Fitjar og Kvam er endå ikkje avslutta.  

Les meir om resultata frå våre tilsyn i denne saka.

Bidra til læring og forbetring

Det blei gjennomført tilsyn i 51 kommunar over heile landet, og konstatert lovbrot i 42 av desse. I tilsyna har fylkesmennene undersøkt om kommunane utfører tilsynsarbeidet i tråd med krav i folkehelselova, slik at dårleg inneklima og andre miljømessige forhold som er ulovlege blir retta, heiter det i oppsummeringsrapporten frå Statens helsetilsyn.

Rapporten kan bidra til læring og forbetring av tilsynet med barnas «arbeidsmiljø». Kommunane bør bruke erfaringane frå enkeltrapportane og oppsummeringsrapporten til å gjennomgå eigen praksis. Eit særleg ansvar for dette ligg i kommuneleiinga.

Fylkesmannen fører tilsyn med kommunane sitt tilsyn

Eigarar og leiarar av barnehagar og skular har ansvar for inne- og utemiljøet til barna. Tilsynsansvaret til kommunane omfattar alle barnehagar og skular som ligg i kommunen. Fylkesmennene har undersøkt om kommunane tok vare på tilsynsansvaret.

Frå rapporten kjem det fram at lovbrota som vart funne i tilsyna gjaldt

  • at kommunen ikkje sikrar at det blir gjennomført tilsyn
  • at tilsyn ikkje blir gjennomført regelmessig
  • at tilsyn ikkje var tilstrekkeleg basert på kunnskap om risiko
  • at kommunen ikkje hadde styringsaktivitetar for å følgje med på tilsynsarbeidet
  • oppgåvene blei teke vare på i tråd med krav i lov og forskrift

Det landsomfattande tilsynet viser at denne tilsynsordninga ikkje fungerer som tenkt, og ikkje godt nok.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.