Sluttrapport for bustadsosialt prosjektarbeid i Vestland og Rogaland

Sluttrapporten «Mer velferd med bolig for velferd?» kjem med fleire forlag til korleis kommunane kan betre tenestene for sårbare grupper som manglar bustad, eller risikerer å misse bustaden sin. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.11.2022

Den nasjonale bustadsosiale strategien «Bolig for velferd» (2014-2020) og tiltaksplanen for perioden 2018-2020, var utgangspunktet for Husbanken sitt initiativ om å etablere eit lokalt prosjekt på Vestlandet.

Fem kommunar deltok i prosjektarbeidet

Fem kommunar, Sola, Haugesund, Askøy, Kinn og Bjørnafjorden, deltok i prosjektarbeidet, i tillegg til statlege aktørar som har ei rolle i det bustadsosiale arbeidet.

Prosjektarbeidet blei retta mot dei to nasjonalt prioriterte målsetnadene:

  • å hjelpe menneske med rusmiddelavhengigheit og psykiske lidingar som manglar bustad, eller risikerer å mista bustaden sin og 
  • å leggje til rette for at vanskelegstilte barnefamiliar bur i eigna bustad.

Hovudmålet med arbeidet var å sjå på samhandlinga mellom dei ulike involverte aktørane, både internt i eigen kommune, mellom kommunane og staten og mellom statelege etatar.

Rapporten viser fleire funn knytt til kompetansehevende tiltak, samarbeid internt i kommunane og behovet for endringer av eksisterende samarbeid mellom kommune og statlige aktører og mellom statlige aktørene.

I rapporten ligg forslag til endringar i regelverk, virkemiddelutforming og forvaltning for å bedre tjenestene til de to gruppene.

I Vestland er oppfølginga av rapporten knytt til det treårige forsøket der råd- og rettleiingssressurser fra Husbanken skal bidra til å styrke det bustadsosiale fagmiljøet i embetet, og samarbeidet med kommunane.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner

Dokumenter