Distriktspolitiske verkemiddel i bustadpolitikken

Illustrasjonsbilete av modne raude epler på tre.
Illustrasjonsfoto Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Vi oppmodar distriktskommunane til å sjå på dei moglegheitene som ligg i å føre ein aktiv bustadpolitikk. Startlån og lån frå Husbanken er verkemiddel kommunane kan bruke i arbeid med å tiltrekkje seg eller behalde arbeidskraft, og gi eigna bustader til fleire eldre innbyggjarar. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.11.2022

Bustadmassen i distriktskommunar er dominert av einebustadar (SSB). Fleire kommunar har gjeve uttrykk for at dei ønskjer ein meir variert bustadmasse, at dei har behov for fleire bustadar for å tiltrekkja seg arbeidskraft og fleire tilgjengelege bustadar for eldre (m.a. tilkomst med rullator og rullestol). Det blir ofte peika på eit behov for mindre bueiningar, gjerne i sentrumsnære område. Samstundes ser vi at Husbankens distriktspolitiske verkemiddel i liten grad er tekne i bruk i distriktskommunar. Ein aktiv bustadpolitikk kan gi positive ringverknader òg for lokalt næringsliv, velferd og integrering. 

Distriktspolitiske verkemiddel som kan nyttast i ein meir aktiv bustadpolitikk

I samarbeid med private kan kommunane anskaffa eigna bustadar basert på behovet i kommunen. Kommunen kan inngå avtale med utbyggjar om å kjøpa eller leiga ein del av bustadane slik at det vert lettare for nytilsette å finna bustad. Utbyggjar kan søkja Husbanken om lån til prosjektet.

Kommunen kan leiga ut eller selja bustadane til innbyggjarar som ønskjer å slå seg ned i kommunen for kortare eller lengre tid. Det kan også verta gjort avtale om leige til eige med den einskilte bebuar. Startlånet kan brukast til personar som ikkje får finansiering i vanleg bank.

Sentralt plasserte og tilgjengelege bustadar vil òg vera attraktive for eldre fordi det er lettare å greia seg sjølv i slike bustadar og for kommunen å gje tenester i heimen. Tilgjengelege bustadar for eldre kan redusera behovet for omsorgsbustadar og sjukeheimsplassar. Husbanken gjev også lån til oppgradering av bustad, anten for å redusere energiforbruk eller for å oppnå god tilgjengelegheit.

Kommunen kan også gje startlån til kjøp, utbetring eller tilpassing av eksisterande bustad, dersom det vert vurdert som den einaste løysinga for at personar skal kunne fortsetje å arbeide i kommunen eller velje å ta arbeid i kommunen.

Nybygging når marknadsverdi er lågare enn byggjekostnader

I nokre distriktskommunar er marknadsverdien av nybygde bustadar lågare enn byggjekostnadane. Det medfører ein risiko for at bustaden seinare må seljast med tap. Dersom private bankar ikkje er villige til å ta denne risikoen, kan lån frå Husbanken vera eit alternativ. Bustadane må då ha livsløpstandard eller tilfredsstille miljøkrava til Husbanken.


Meir informasjon og døme finns her: 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.