Digital rettleiingsressurs for arbeid med rus, psykisk helse og bustad

Den digitale verktøykassa veiviseren.no samlar døme, verktøy og tips som kan vere nyttig i kommunens arbeid med å skaffe bustad og tenester til personar som har utfordringar innan rus og psykisk helse

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.02.2022

På Veiviseren.no har Helsedirektoratet og Husbanken samla ein del eksempel frå ulike kommunar som kan vera nyttige å kjenna til. Eksempla strekkjer seg frå ordinære bustader med ambulerande tenester til døgnbemanna butilbod, i tillegg til å vise ulike arbeids- og aktivitetstilbod for målgruppa. 

I eksempla kan ein lesa om korleis kommunane har planlagt og gjennomført arbeidet, kva som vart resultatet, og finne verktøy og tips for å lukkast.

Bo- og tjenestetilbud til personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse (ROP-lidelser) (veiviseren.no)

 

Om veiviseren.no: 

Ein digital informasjons- og rettleiingsressurs, utvikla for kommunane og andre som jobbar med bustad- og tenesteutvikling, som samlar «alt på ein stad» innan bustad- og tenesteområdet, på både strategisk og operativt nivå. Veiviseren.no kan òg vere nyttig for brukarar og pårørande. 

Innhaldet blir utvikla av seks direktorat saman med m.a. kommunane, Statsforvaltar og brukerorganisasjonar. Ansvarlege direktorat: Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Helsedirektoratet, Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, Husbanken og Kriminalomsorgsdirektoratet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.