Klyngetunet i Årdal – eit godt døme

Kommunane har ei viktig oppgåve med å leggje til rette for bustader til personar med funksjonsnedsetjingar. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det i Norge er over 20.000 uføre som bor saman med foreldra, og om lag 85.000 uføre som leiger bustad. Tala er aukande. Ein del av desse er personar med utviklingshemming. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Som følgje av eit godt samarbeid mellom Årdal kommune og Årdal boligbyggelag, har dei gode erfaringar med å utvikle bustader til utviklingshemma.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.04.2023

Både i strategien for den sosiale bustadpolitikken (2021-2024) Alle trenger et trygt hjem, artikkel 19 i FN-konvensjonen og  Stortingsmelding nr 8 (2022-2023) om menneskerettar for personar med utviklingshemming, framhevar at personane sjølv skal kunne velje kvar og korleis dei vil bu.

Klyngetunet i Årdal er eit godt eksempel der ein aktiv kommune som i samarbeid med ein privat aktør har etablert bustadar for personar med utviklingshemming i ordinært bumiljø. I den bustadsosiale handlingsplan (2016-2020) var det sett eit mål om at «… så mange som mogeleg skal eige sin eigen bustad, også innbyggjarar med spesielle behov» Eit av tiltaka i planen var å «Samarbeide med private utbyggjarar for å tilby sjølveigarbustader for brukargruppa». Brukargruppa det her er vist til er «Personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonshemming». Dermed var grunnlaget lagt for eit samarbeid med Årdal boligbyggelag om etablering av Klyngetunet.

Kommunen var byggherre og leigde inn Årdal boligbyggelag som byggeleiar. Kommunen fekk investeringstilskot frå Husbanken og kompensasjon for meirverdiavgift sidan bebuarane hadde fått innvilga heildøgns helse- og omsorgstenester frå kommunen.

Bustadane

Kommunen etablerte prosjektet som omsorgsbustadar, og oppretta deretter burettslag med til saman sju bustadar og ein personalbustad. For å få interesse for prosjektet inviterte kommunen og boligbyggelaget til eit møte med målgruppa, der dei presenterte byggeprosjektet, burettslagsmodellen og moglegheiter for finansiering av innskotet mellom anna ved hjelp av startlån.

Klyngetunet bufellesskap i Årdal sto innflyttingsklart i januar 2020, og omfattar sju omsorgsbustadar for utviklingshemma. Bustadane varierer i storleik og er mellom 60m2 og 70 m2. Dei inneheld stove, kjøkken, bad, soverom, entre, bod. Husbanken vart kontakta tidleg i prosessen.

Bustadane hadde ein kvadratmeterpris på kr. 22 000. Utan investeringstilskot og kompensasjon for meirverdiavgift som prosjektet fekk, ville kvadratmeterprisen vore om lag det dobbelte. Dei fleste bebuarar fekk startlån til innskotet, medan nokre hadde  eigenkapital. Innskotet var frå kr 665.000,- til kr 750.000,- . I tillegg kjem ei månadleg husleige som mellom anna skal gå til nedbetaling av burettslaget sitt lån i Husbanken.

Burettslagslova regulerar kven som er ansvarleg for vedlikehald. Enkelt sagt har burettslaget ansvar for det ytre vedlikehaldet, medan andelseigar har ansvar for vedlikehald av eigen bustad. Kommunen har inga vedlikehaldsplikt utover det dei har som andelseigar.

Kven kan kjøpe bustad?

Det er vedtektsbestemt kven som kan kjøpa bustadane og kommunen har tildelingsrett.  Det er eit krav frå Husbanken, ved tildeling av investeringstilskot, at bustadane vert tildelt personar med behov for heildøgns tenester. Nedskrivingstida på tilskotet er på 30 år. Derfor er det også vedtektsbestemt at kommunen skal ha utpeikingsrett ved 2. gongs sal.

Det å eige sin eigen bustad kan for mange gje meir tryggleik og vere meir føreseieleg enn å leige bustad. Likevel er det relativt få personar med utviklingshemming som eig sin eigen bustad, trass i at dei ofte har ei stabil inntekt gjennom  uføretrygd.

Husbanken har laga ein eigen rettleiar for utviklingshemma og deira pårørande for å etablere burettslag/sameige eller kjøpe enkeltbustad. Denne kan vera til god hjelp for kommunar og pårørande som vurderer å etablere eigen bustad for personar med utviklingshemming eller nedsett funksjonsevne.

Aktuelle lenker

Film frå Klyngetunet

Veileder for utviklingshemmede og deres pårørende for å etablere borettslag/sameie eller kjøpe enkeltbolig

Veileder for søknadsprosess og bruk av investeringstilskudd til sykehjemsplasser og omsorgsboliger

Nasjonal strategi for sosial boligpolitikk: Alle trenger et trygt hjem (2021-2024)

Utviklingshemmetes bosituasjon i 2021, NTNU Samfunnsforskning

Lov om burettslag (burettslagslova) - Lovdata

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner