Munnleg og munnleg-praktisk eksamen

Det nærmar seg eksamenstid og vi gjer merksam på føresegnene som gjeld for grunnskulen og vidaregåande opplæring.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.03.2021

Reviderte føresegner

Føresegnene vart endra med bakgrunn i det nye læreplanverket for kunnskapsløftet, LK20 og LK20S hausten 2020. Nytt rundskriv om individuell vurdering, Udir-2-2020, utdjuper føresegnene i forskrift til opplæringslova kapittel 3 om individuell vurdering, og del V om eksamen.

Kva betyr dette for førebuing og gjennomføring av eksamen?

Ein bør vere merksam på følgjande overordna moment:

  • Eksamen skal gi eleven eller privatisten høve til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogeleg ut frå eksamensforma.
  • Kravet om presentasjon ved munnleg eksamen har vorte oppheva, og gjeld no for alle læreplanar.
  • Det vert fastsett i læreplanen (kun LK20) om faget skal ha førebuingsdel.
  • Førebuingsdelen ved andre eksamenar enn munnleg kan vare frå 24 til 48 timar.

På Utdanningsdirektoratet sine nettsider kan ein lese meir om reglane for munnleg eksamen og lese rundskriv Udir-2-2020.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.