Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Eksamen

Illustrasjonsfoto av litteratur. Statsforvaltaren i Vestland er klageinstans for fleire fag frå vidaregåande skular.
Illustrasjonsfoto av litteratur. Statsforvaltaren i Vestland er klageinstans for fleire fag frå vidaregåande skular.

Statsforvaltaren har som oppgåve å følgje opp regionalt arbeid med det nasjonale systemet som gjeld eksamen.

Oppgåvene går ut på sensur for skriftleg eksamen i grunnskulen og grunnskuleopplæring for vaksne, og eksamen og klagebehandling for skriftleg eksamen i vidaregåande opplæring.

Skriftleg eksamen

  • oppnemning og skulering av sensorar
  • fordeling av sensorane i eksamenssystemet
  • innkalling og gjennomføring av møter i samband med fellessensuren
  • organisere klagebehandling ved klager på eksamenskarakterar
  • medverke til å utarbeide karakterstatistikk
  • økonomirapportering av forbruk i samband med eksamensordninga
  • rettleie skular, skuleeigarar og sensorar i bruk av PAS-eksamen og prøvegjennomføringssystemet PGS

Munnleg eksamen

Munnleg eksamen er ein lokalt gitt eksamen som skuleeigar har ansvaret for. For meir informasjon sjå Utdanningsdirektoratet si side om munnleg eksamen.

Klage på eksamen

Skriftleg eksamen

Statsforvaltaren i Vestland er ikkje klageinstans for eksamensfag i grunnskulen. Oversikt over kven som er klageinstans for dei ulike faga, finn skular og skuleeigarar i PAS-eksamen under menypunktet Klageansvar.

Munnleg eksamen

Statsforvaltaren er klageinstans for klager i alle fag frå skular i Vestland.

Vidaregåande opplæring

Statsforvaltaren i Vestland er klageinstans for fleire fag frå vidaregåande skular, mellom anna språkfaga engelsk, tysk, fransk og spansk. I tillegg også samfunnsfagkodar og realfagskodar.

Sjå elles meir informasjon om eksamen på Utdanningsdirektoratet sine sider.


22.04.2020

Privatisteksamen blir gjennomført

Regjeringa avgjorde 21. april 2020 at sentralt gitt eksamen for privatistar vil bli gjennomført.


26.03.2020

Alle eksamenar er avlyst

25. mars bestemte regjeringa å avlyse alle skriftlege og munnlege eksamenar på 10. trinn. Alle skriftelege eksamenar i vidaregåande skule er òg avlyst. Sjølv om eksamen er avlyst vil elevane få vitnemål.


28.01.2020

Oppmannsrapportar skriftleg eksamen i grunnskulen 2019

Rapportane kan vere nyttige i arbeidet med å førebu elevar og faglærarar framfor årets eksamen i mai.


28.01.2020

Eksamen og sensur i vidaregåande opplæring

Her finn du aktuelle datoar og oversyn over våre fagkodar.


Aktuelt

Kontakt oss om eksamen:

eksamenvestland@fylkesmannen.no 


Eksamen grunnskule

Her vil etterkvart du finne aktuelle dokument.


Eksamen vidaregåande skule

Her vil du etterkvart finne aktuelle dokument.