Oppdaterte smittevernrettleiarar for barnehagar og skular om når ein skal vere heime ved sjukdom

Folkehelseinstituttet har oppdatert smittevernrettleiarane for barnehagar og skular. Oppdateringane gjeld råd om når barn i barnehagen og elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring skal vere heime ved sjukdom.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.09.2020

Barn i barnehagen som har milde luftvegssymptom og sjukdomskjensle, skal ikkje møte i barnehagen, men halde seg heime til allmenntilstanden er god.

For barneskuleelevar som har lette luftvegssymptom utan feber, kan ein sjå an tilstanden heime eit par dagar.

For elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule som har luftvegssymptom utan kjent årsak, bør desse teste seg og halde seg heime til dei har fått svar.

For ytterlegare informasjon viser vi til Utdanningsdirektoratet sine nettsider, som vi har lenka til i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.