Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO

Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO så lenge tilbodet er stengt grunna koronautbrotet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.03.2020

Denne informasjonen vart lagt ut i perioden der barnehagar og skular var stengt. Du finn aktuell og oppdatert informasjon på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Barnehagane får kompensert tapet fullt ut av staten. Slik unngår vi permitteringar i barnehagane.

Barnehagane og skulane er no stengde grunna koronautbrotet. Dette har økonomiske konsekvensar for både foreldre og barnehagar. No har regjeringa bestemt at foreldre skal sleppe å betale, og at barnehagane skal få dekka bortfall av foreldrebetaling. I tillegg skal barnehagane framleis få utbetalt det vanlege tilskotet frå kommunen.

Regjeringa har vedteke at alle landets barnehagar og skular førebels er stengde grunna korona frå 12. mars til 26. mars. Perioden kan bli forlenga. Helsedirektoratets retningslinjer for stenging av skule og barnehage gjer unntak for barn og unge med særskilte omsorgsbehov, og barn av foreldre med kritiske samfunnsfunksjonar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.