Barnehagestatistikk 2018

Fleirtalet av dei som får spesialpedagogisk hjelp er gutar, det arbeider fleire vaksne i barnehagen, og det er fleire minoritetsspråklege barn som går i barnehage. Dette er noko av det som kjem fram i tal og analyse av barnehagar for 2018.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.02.2019

Illustrasjonsfoto fysisk aktivitet i barnehagen

Spesialpedagogisk hjelp

Barnehagelova slår fast at barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har særlege behov for det. I 2018 fekk 8800 barn slik hjelp i barnhagen. Tala visar at 71 prosent av desse er gutar. Det kjem òg fram at talet barn som får spesialpedagogisk hjelp i barnehage aukar med alder, men at talet går ned når barna startar i 1. klasse.

Tal vaksne per barn

Bemanningsnorma inneberer eit krav om at barnehagane har ei grunnbemanning som tilsvarar minimum éin tilsett per tre barn under tre år og éin tilsett per seks barn over tre år. Norma blei innført 1. august 2018, og barnehagane fekk eitt år på seg til å innfri kravet. Tal frå sektoren visar at bemanningstettleiken mot slutten av 2018 aukar frå 6 til 5,8 barn per tilsett på landsbasis. Kommunale barnehagar har betre bemanningstettleik enn private barnehagar. I Bergen oppfyller ikkje dei private barnehagane bemanningsnorma samla sett.

Barn med minoritetsspråkleg bakgrunn

Minoritetsspråklege barn er definert ved at både barnet og barnet sine føresette har eit annet morsmål enn norsk, samisk, svensk, dansk og engelsk. Dei siste åra har det vært ei jamn auke i minoritetsspråklege barn i barnehage. Denne tendensen held fram i 2018, då det blei registrert ei auke på 4,6 prosent frå året før. Det er særleg dei største kommunane som har ein stor del minoritetsspråklege barn i barnehagen, og i Bergen kommune var 18 prosent av barna minoritetsspråklege i 2018. Eit mindretal på 23 prosent av dei minoritetsspråklege barna i barnehage får styrka norskopplæring i form av ekstra personalressursar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.