Barnehagar med redusert opningstid

Barnehagar som reduserer opningstida skal tilby barn av foreldre med kritisk samfunnsfunksjon, og barn med særskilte behov, opphald ut over den opningstida dei har lagt opp til.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.04.2020

Dersom barnehagane reduserer opningstida, skal dei likevel tilby barn av foreldre med kritisk samfunnsfunksjon opphald ut over den opningstida dei har lagt opp til. Dette gjeld og for barn med særskilte behov.

Barnehagane skal prioritere desse gruppene, og sikre at dei har eit tilbod sjølv om barnehagen har bestemt å ha redusert opningstid.

Du finn meir informasjon om dette på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.