Rapport samlar erfaringar frå seks prosjekt på fosterheimsområdet

Illustrasjon: Monica Hovland

Fleire kommunar og barnevernstenester har dei siste åra samarbeidd om utviklingsprosjekt på fosterheimsområdet. Ei arbeidsgruppe har utarbeidd ein rapport med tilrådingar for korleis fleire kommunar kan nytte seg av lærdomen frå prosjekta.

Publisert 21.03.2024

Målet med arbeidet, som vi har kalla «Gullprosjektet» er å identifisere «gullet» frå prosjekta. Vidare har målet vore å utarbeide ei tilråding til korleis fleire vestlandskommunar skal få moglegheita til å ta i bruk lærdomen frå utviklingsprosjekta i sine barnevernstenester.

Arbeidsgruppa har samanstilt arbeidet frå den første fasen av Gullprosjektet i ein rapport. Innhaldet i rapporten, og tilrådinga frå arbeidsgruppa vart lagt fram og fekk tilslutning på årsmøtet for alle barnevernsleiarane i januar. Rapporten finn du under «Dokument».

Fase to av Gullprosjektet i 2024

I fase to vil vi sjå nærare på korleis vi kan foredle, teste ut og evaluere det som skal gjerast tilgjengeleg for fleire tenester. Vi vil også sjå på kva som trengst av opplæring og ressursar i tenestene som ønskjer å ta i bruk det som er utvikla. Vi planlegg òg å kartlegge kva tenester i Vestland som ønskjer å starte arbeidet med å ta verktøya og kunnskapen i bruk. I fase to håpar vi å få til eit tett samarbeid med utdanningsinstitusjonane, kompetansemiljøa og brukarorganisasjonane på barnevernsfeltet.

Læringsnettverket for barnevernstenestene i Vestland blei etablert hausten 2018 som et av fleire tiltak i regjeringa si kompetansestrategi på barnevernsfeltet. Les meir om læringsnettverket på eiga side: Læringsnettverk for barnevernstenestene

Vil du høyre meir om fosterheimsprosjekta og Gullprosjektet kan du melde deg på digital fagsamling 4. april: Digital fagsamling for barnevernstenestene

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.