Invitasjon til digitale jusskurs for tilsette i barnevernstenestene

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) inviterer alle landets barnevernstenester til to ulike digitale jusskurs. Kursa tek for seg forvaltningsrett og nye Høgsterettsavgjersler etter dommane i Den europeiske menneskerettsdomstolen. Påmeldingsfrist 12.november.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.11.2021

Påmelding innan fredag 12.november

Barneverntenesta samlar opp kor mange av dei tilsette som ønskjer å melde seg på, og melder på saman. E-post kan sendast til kontaktperson Gunn Randi Bjørnevoll. I e-posten må de opplyse kor mange frå tenesta som skal ta kurs 1 og kurs 2, og kven av dei to datoane som er aktuelle. Påmeldinga må skje innan fredag 12.november. Merk e-posten med "Påmelding digitale jusskurs".

Alle tenester har mogelegheit til å velje mellom to kurstidspunkt for kvart av dei to kursa.

Kurs 2 – 02.12.2021 og 14.12.2021

Kurset har tre timars varigheit, der tema vil vere barnevernstenesta si sakshandsaming i undersøkinga, med fokus på grunnleggande forvaltningsforståing.

Kurs 1  - 10.01.22 og 20.01.22

Kurset har ein times varigheit, og vil særleg omhandle nye Høgsterettsavgjersler etter dommane mot Noreg i menneskerettsdomstolen.

Alle kursdagane startar kl. 09.00

Invitasjonen frå Bufdir finn de her. Vi gjer merksam på dei aktuelle datoane gjeld heile Vestland sjølv om det står Hordaland i oversikta.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.