Siste året med øyremerkte tilskot til stillingar i det kommunale barnevernet

I 2021 har Statsforvaltaren i Vestland betalt ut 84 137 384 kroner i tilskot til det kommunale barnevernet. Tilskotet har finansiert i alt 108,5 stillingar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.11.2021

Den statlege styrkinga av stillingar i det kommunale barnevernet vart gjort i perioden 2011-2018. Tilskotsordninga vart vidareført i perioden 2019 - 2021, men berre til dei stillingane som var oppretta i perioden 2011-2018.

2021 vert det siste året med øyremerka statstilskot til stillingar i det kommunale barnevernet. I framlegget til statsbudsjett for 2022 vert ordninga med øyremerka tilskot til stillingar i barnevernstenesta avslutta. Til neste år får kommunane i Noreg i staden til saman 800 millionar kroner til vidareføring av stillingane innbakt i rammetilskotet. Les meir om Satsingar for eit betre barnevern på Regjeringa.no. 

I denne tabellen kan du sjå korleis stillingane er fordelt på barnevernstenestene i Vestland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.