Nytt rundskriv om saksbehandling i barnevernstenesta

Rundskrivet gjev ei samla oversikt over reglane som gjeld for saksbehandlinga i barnevernstenesta, etter at ny barnevernslov tredde i kraft 1. januar 2023.

Publisert 13.04.2023

Rundskrivet er ein oppdatert versjon av Retningslinjer for saksbehandling i barneverntjenesten 08/2022, og er frå Barne,- ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir). 

Rundskrivet skal gje barnevernstenestene ei oversikt over grunnleggjande reglar og krav. Det skal bidra til at oppgåvene til barnevernet blir løyste på ein forsvarleg måte, og i tråd med regelverket. I tillegg gjev det retningslinjer for ei rekke av dei vanskelege avgjerdene som dei tilsette i barnevernstenesta må gjere. Rundskrivet skal på denne måten bidra til grunnleggjande forvaltningsforståing i barnevernet, og til korrekt og føreseieleg saksbehandling i barnevernstenesta.

Heile saksbehandlingsrundskrivet finn du på heimesida til Bufdir.

Ut over det som kjem fram av rundskrivet, er lovar og regelverk for barnevernsretten samla på regelverksida til Bufdir. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.