Viktige endringar i barnevernlova

Stortinget har nyleg vedteke endringar i barnevernlova. Formålet med lovendringane er å styrke barnevernet og rettane til barna.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.06.2020

Dette er lovendringane:

  • Auka aldersgrense for rett til ettervern frå 23 år til 25 år
  • Innføring av samtaleprosess
  • Innføring av krav om årleg tilstandsrapportering til kommunestyret
  • Endring i fylkesnemndas stadlege verkeområde, som mellom anna opnar for at det kan vere fleire nemnder i eit fylke
  • Betre vern av barn med skjult adresse

Dei nye reglane om samtaleprosess trer i kraft frå 1. juli 2020. Rett til ettervern fram til fylte 25 år krev auka løyvingar til kommunane. Det er ikkje bestemt når dette skal tre i kraft. Dei andre endringane trer i kraft 1. januar 2021. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.