Når barn på barnevernsinstitusjon kjem i kontakt med politi

Kontakt med politi kan bli opplevd som skremmande og inngripande, særleg om det vert nytta tvang. Statsforvaltaren ønskjer informasjon om slike hendingar i eige skjema.

Publisert 28.10.2020, Sist endret 04.03.2024

Vi ber institusjonar orientere oss når barn har vore i kontakt med politi. Les meir i brevet «Når barn på barnevernsinstitusjon kjem i kontakt med politiet», som de finn under «Dokument». 

Om barn i barnevernsinstitusjon har hatt kontakt med politiet, skal institusjonen dokumentere hendinga. 

På kva måte institusjonen skal dokumentere hendingar der barn har hatt kontakt med politi, kjem an på situasjonen. Dersom det vert utøvd tvang i medhald av heimlane i barnevernslova § 10-7 og 10-12, skal det gå fram av protokollen om politiet har vore involvert. I andre høve ber vi om at institusjonane fyller ut vedlagt skjema og fortløpande sender desse til oss.

De sender orientering i elektronisk skjema.

Alternativet er å bruke skjema som ligg under «Dokument» og sende via Sikker melding til Statsforvaltaren. 

Når kan politiet gripe inn?

Barnevernsinstitusjonar kan ikkje bruke politi til å løyse eigne oppgåver, men kan unntaksvis tilkalle politi for å handtere ein situasjon som har tilspissa seg. Institusjonen skal utan hinder av teieplikta gi politiet dei opplysningane som er nødvendige for at politiet på ein skånsam måte kan utføre oppgåva si, etter barnevernslova §§ 13-1 og 13-5. 

Om ein barnevernsinstitusjon vurderer at det trengst hjelp frå politi og ber om dette, vil det vere opp til politiet å vurdere om dei kan hjelpe, og på kva måte. I nokre tilfelle har politiet ei eiga plikt til å gripe inn, etter politilova § 13. 

Under «Lenkjer» finn du retningslinje som omhandlar oppgåver og ansvarsdeling mellom barnevernsinstitusjon, kommunal barnevernsteneste og politi i ulike situasjonar.   

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.