Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2022

Søknadsfrist:
1. april 2022 23.00
Målgruppe:
Leiarar, tilsette og personar som kan verte rekruttert til å jobbe i helse- og omsorgstenesten. For kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet kan tilsette også i andre kommunale og fylkeskommunale etatar være målgruppe (f. eks. NAV, barnevernsteneste, barnehagar og skular
Ansvarlig:
Helse- og omsorgsavdelinga
Hvem kan søke:
Kommunar, fylkeskommunar, universitet, fagskular, høgskolar
Rapporteringsfrist:
15. februar 2023

Målet med tilskotet er å styrke kommunane sin evne og moglegheit til å utvikle bærekraftige og gode helse- og omsorgstenester.

Publisert 15.02.2022, Oppdatert 12.01.2023

Målsetjinga er og å gi ein tydeleg prioritet til nokre av dei viktigaste framtidsutfordringane kommunane står ovanfor på helse- og omsorgsfeltet.

Tiltaket bidreg og til å fylle delmål 3.4 i FNs bærekraftmål. Midlane skal bidra til at kommunane sett i verk kompetansehevande tiltak og nybrotts- og utviklingsarbeid ut frå lokale behov.

Rapportering, frist 1. april 2022

  • Rapporteringsskjemaene som skal nyttast i 2022 for rapportering av tilskot frå 2021 finn dykk i boksen "Dokument"

  • Den som har motteke tilskot, skal rapportera samla for heile tilskotet

  • Midlar som vart delt ut til "Nasjonalt velferdsteknologiprogram - innføring av velferdsteknologiske løsninger" skal det rapporterast på i same rapportskjema.

Søknad, frist 1. april 2022

  • I 2022 er det laga eit nytt søknadskjema (sjå i boksen "Dokument"). Her finn dykk og oppdatera regelverk og informasjon

  • Vi gjer merksam på at kommunane må fylle ut feltet «Ubrukte midler som ønskes overført», under kvar utdanningskategori i søknadsskjemaet. Dersom feltet blir ståande tomt, vil det skapa problem både for oss og de ved neste søknad/rapportering i 2023. STAF som er skjemautviklaren vår, jobbar med å laga ein felles søknadsportal. Kartlegging og utgreiing dei har gjort i arbeidet med søknadsskjemaet for årets kompetanse- og innovasjonstilskot er tatt vidare inn i denne søknadsportalen. Det er derfor viktig at de bruker tid på å henta inn/skriva inn desse tala allereie no. Det vil gjera at svar på søknad og vidare rapportering for 2022 blir forenkla, også for dykk. Utgangspunktet for kva utdanningstypar (og summar) kommunen har søkt om, vil de kunne hente frå søknaden på kompetansetilskot for 2021.

  • Kommunane/søkjarane må sende inn ein samla søknad, med ein kontaktperson per kommune/søkjar. Det er ikke løyve til å senda inn fleire "delsøknader".

Søknader og rapportering skal gå elektronisk til vårt postmottak: sfvtpost@statsforvalteren.no 
Vi streker under at dette ikkje skal gå direkte til kontaktpersonane.

Søknadsfrist:
1. april 2022 23.00
Målgruppe:
Leiarar, tilsette og personar som kan verte rekruttert til å jobbe i helse- og omsorgstenesten. For kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet kan tilsette også i andre kommunale og fylkeskommunale etatar være målgruppe (f. eks. NAV, barnevernsteneste, barnehagar og skular
Ansvarlig:
Helse- og omsorgsavdelinga
Hvem kan søke:
Kommunar, fylkeskommunar, universitet, fagskular, høgskolar
Rapporteringsfrist:
15. februar 2023