Adalstjern skal bli ein klimavinnar!

Vi laga ein dam av torv for å halde lengre på vatnet i myrane i Adalstjern naturreservat
Vi laga ein dam av torv for å halde lengre på vatnet i myrane i Adalstjern naturreservat Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Myr har god evne til å lagre karbon. Grøfter skadar denne evna. Vi har sett i stand myra nord for Adalstjern med dammar i dei gamle grøftene. No tek vi til med myra sør for tjernet. Ein del av stien måtte vi flytte. Det blir nok bruk for nokre nye klopper.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.02.2021

Myr er superlager av karbon


Mykje vatn og lite luft i myra gjer at daude planter råtnar lite, og blir til torv. Det meste av karbonet blir lagra i myra. Mange myrar er fleire tusen år gamle. Dei har mange meter djup torv. For mange år sidan selde eigarane torv. Med kort veg til torga i Horten og Tønsberg, er det vel grunn til å tru at det meste av torva blei bruka i gartneri. Eigarane laga grøfter for å kome til torva, og for å få skogen til å vekse. I alt er det 5 km med grøfter og kring 21 dekar torvtak i verneområdet.

På flyfoto frå 1954 se du torvtak og torvhytter (for tørking av torv). Myra var svært åpen. I 2016 er det mykje meir tre på myra.
På flyfoto frå 1954 se du torvtak og torvhytter (for tørking av torv). Myra var svært åpen. I 2016 er det mykje meir tre på myra. Foto: Widerøes flyveselskap AS/COWI AS.

 

Torv som tørkar slepp ut karbondioksyd

Myr som blir grøfta, tørkar. Når luft kjem inn i torva, «brenn» karbonet. Karbonet slepp ut som CO2. Å sette myr i stand med ny vekst av torv, er derfor et viktig klimatiltak. Uttørking endrar artsmangfoldet. Torvmosane taper for lyng, bjørk og furu. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark arbeider saman med Statens naturoppsyn om tiltaket, etter initiativ frå Miljødirektoratet.

 

Mange går tur kring Adalstjern. Det skal dei få godt høve til etter restaureringa
Mange går tur kring Adalstjern. Det skal dei få godt høve til etter restaureringa Foto: Birgit Brosø / Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.

Det skal bli like fint å gå tur kring vatnet som før

-Det er viktig for oss at dette populære turområdet skal halde fram med å vere det, seier seniorrådgjevar Sigurd Anders Svalestad hos Statsforvaltaren – Vi skal legge klopper der det blir for blautt i stiane.

 

Kva skjer i fase 2?

Restaureringa skal heve vasstanden i dei delane av myra som er grøfta. Planter, sopp og dyr som likar seg der det er vått, får betre vilkår. Auka vasstand i dei skadde delane av myra, vil gje ny vekst av torv. Tiltaket vil ikkje føre til endring av vasstand utafor verneområdet. Kanten av reservatet mot aust skal skjerme mot innsyn til universitetet. Grøfta og skogen heilt vest og sør, skal heller ikkje endras.

Kart med tiltak dette året.
Kart med tiltak dette året. Foto: Statens naturoppsyn.

7 demningar og 2318 m «bonding»

Det er i fase to planlagd 7 demningar og. 2318 m «bonding». «Bonding» er smale torvvollar på tvers og på langs av. Dei skal halde att vatnet slik at myra blir våtare.

«Donormyr» i nærleiken

Vi vil fylle torv i 7,5 dekar av torvtaka. Torva skal kome frå ei myr i nærleiken. Kommunen har bestemt at det skal bli industri i staden for myr der vi skal hente torva. Slik vil vi hindre at den torva blir brote ned til CO2. I dei gamle torvtaka skal den nye torva halde betre på vatnet og hindre nedbryting av torva som ligg mellom torvtaka. Myra skal få ei svakt hvelva overflate. Torvmosane får vekse vidare og binde meir CO2.

I dei torvtaka som ikkje skal fyllast med torv, er kantane bratte. Vi vil gjere dei bratte kantane slake. Dei slake kantane held betre på vatnet mellom torvtaka.

 

Mykje av skogen i nord blei hogd og vasstanden heva i fase 1 i 2019. Meir skog må bort i år, for å restaurere myra sør for tjernet.
Mykje av skogen i nord blei hogd og vasstanden heva i fase 1 i 2019. Meir skog må bort i år, for å restaurere myra sør for tjernet. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Hogst i år

Tre på myr brukar vatn. Dette tørkar ut overflata i myra, og vi må hogge dei fleste av trea ute på myra. Nokre tre skal stå att. Myra skal sjå ut som naturleg open myr, med noko furu. Vi høgg før hekketida for dei aller fleste artane. Skogen i øst og sør skal ikke hoggast. Den skal vere ein skjerm kring myra. Noko blir sumpskog i denne delen av reservatet. Mellom vernegrensa og myra i vest skal det og stå att skog.

 

Har du noko å spørje om?

Du kan ringe prosjektleiar Sigurd Anders Svalestad på telefon 33 37 11 90.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.