Stor innsats for å ta vare på naturen vår!

Slåtteeng. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

I år blir det delt ut 5,6 millionar kroner for å ta vare på trua natur i fylket vårt. Dette vil forbetre miljøtilstanden til mange artar og naturtypar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.07.2021

Årleg blir det delt ut pengar frå statsbudsjettet til ei rekke gode formål innan naturforvaltning og friluftsliv. Det er eigne tilskotsordningar for tiltak som skal vareta trua artar, trua naturtypar, pollinerande insekt og prioriterte kulturlandskap, vilt og anadrome fiskeslag.

Mange søknadar

Det er stadig fleire aktørar som får auga opp for tilskotsordningane for å ta vare på trua natur, og vi får inn mange gode søknadar kvart år. Vi skulle gjerne hatt endå meir å dele ut, men vi prøver å fordele midla så godt som mogleg på dei forskjellige tiltaka.

Søknadsfristen til tilskotsordningane er 15. januar kvart år, og i 2021 deler vi ut ca. 5,6 millionar kroner til tiltak i regionen vår. Vi prioriterer konkrete skjøtselstiltak, tiltak for prioriterte artar og utvalde naturtypar og søknader med eit godt kunnskapsgrunnlag høgt. 

Trua artar

For trua artar vart det løyvd 700 000 kroner til 14 søknadar. Artane som skal bli varetatt er trua nasjonalt og har viktige førekomstar i Vestfold og Telemark. Døme på desse er eremitt (bille), kammarimjelle, bredøre flaggermus, sandtimotei, strandmurerbille og buktmessinglav.

Trua naturtypar 

Til tilskotsordninga for trua naturtypar har vi år fått inn 143 søknadar med ein totalt omsøkt sum på 6 001 830 kroner. Totalt tildelt pott er på 3 150 000 kroner og denne blir fordelt på tiltak i naturtypar som slåttemark, haustingsskog, hol eik og naturbeitemark. 

Pollinerande insekt

For tilskot til pollinerande insekt vart det innvilga søknadar for 299 460 kroner.

Tiltak i kulturlandskapsområde

Det vart delt ut 20 000 kroner til tiltak i område registrert som verdifulle kulturlandskap i år fordelt på ein søknad.

Vilttiltak

For tilskot til vilttiltak frå viltfondet har vi delt ut 475 000 kroner. Av desse gjekk 400 000 kroner til reine vilttiltak og 75 000 kroner til sjøfugl. 

Fisketiltak

For tilskot til anadrome fiskeslag fekk vi 22 søknadar og eit søknadsbeløp på 1,3 millionar kroner. Total tildelt ramme var 910 000 kroner. 

Andre tiltak

I tillegg til tilskotsordningane bruker Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark rundt 1 550 000 kroner på tiltak mot framande artar i fylket (i samarbeid med kommunane) og litt over 700 000 kroner på skjøtselsplanar og kartlegging av trua artar og naturtypar. I tillegg blir det gjort tiltak i verneområda våre for ca. 3,5 millionar kroner.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Elisabet Rui
Telefon 33 37 11 78

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding