Rekartlegging av naturtypar i skog i Porsgrunn og Hjartdal

Rik edellauvskog i Hanakne- Reieråsen- Furuåsen øst i Porsgrunn. Foto: John Gunnar Brynjulvsrud, BioFokus
Rik edellauvskog i Hanakne- Reieråsen- Furuåsen øst i Porsgrunn. Foto: John Gunnar Brynjulvsrud, BioFokus

På oppdrag frå Statsforvaltaren i 2020, har BioFokus rekartlagt og kvalitetssikra 14 naturtypar i skog i Porsgrunn kommune og 4 naturtypar i skog i Hjartdal kommune.

Publisert 09.04.2021

Data er samanstilt i BioFokus- notat 2021-12 2 "Rekartlegging av naturtypelokaliteter i skog i Vestfold og Telemark 2020".

Formålet med kartlegginga har vore å kvalitetssikre og styrke datagrunnlaget for skogbruksplanlegging og annan natur- og arealforvaltning. Områda som er valde ut er plukka ut på bakgrunn av at eksisterande naturtypedata var gamle eller unøyaktige. Rekartlegginga er gjennomført etter revidert utgåve av DN- handbok 13.

Alle reviderte naturtypelokalietar og nye naturtypar blir lagt inn i Miljødirektoratet sin naturbase (dei gamle blir sletta), og rødlisteartar blir lagt i Artsdatabankens artskart.

 

For meir informasjon om resultatet sjå vedlagte notat.

Kontaktpersoner