Fritidsbåteigarar må med i kampen mot hamnespy

Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Miljødirektoratet ber båteigarane om hjelp mot spreiing av framandarten hamnespy, når ein million norske fritidsbåtar no skal ut på sjøen.

Publisert 05.04.2024

– For å hindre at hamnespy spreier seg har det mykje å seie at fritidsbåteigarar no ved sesongstart sjekkar og smør båtane sine, for å fjerne hamnespy og unngå at framandarten får feste seg, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Hamnespy er ein framand art som truleg har komme til Noreg festa til skroget på større skip. Arten legg seg som teppe på havbotnen og fortrengjer andre artar. Om han får spreie seg kan det få store konsekvensar for økologien og naturmangfaldet i norske kyst- og havområde. Førebels er hamnespy funne ulike stader på Vestlandet, og rett utanfor Oslofjorden ved Koster i Sverige. Fritidsbåtane speler ei sentral rolle. 

– Fritidsbåtar utgjer ein risiko fordi dei bevegar seg mykje rundt, til hamnar og grunnare område der hamnespy trivst best, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Gjennom båtsesongen er det viktig å sjekke båten jamleg for hamnespy, og om mogleg gjerne også unngå opphald i hamner på over 24 timar i område der det er funne hamnespy. 

Les meir om førebyggjande tiltak mot hamnespy, og korleis du kan reingjere båt og utstyr på Miljødirektoratets nettside

 

Les meir om saka på heimesida til Miljødirektoratet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontakt oss

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no


All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjelder saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

Telefon til vårt sentralbord:  33 37 10 00