Søk klimasats no!

Klimasats er ei ordning for kommunar og fylkeskommunar som vil kutta utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lavutslippssamfunnet.

Publisert 02.12.2021

Klimasats kan støtta prosjekt som reduserer utslepp av klimagassar og bidrar til omstilling til lavutslippssamfunnet. Ordninga skal både bidra til at kommunen tar omsyn til klima i aktivitetane sine, og at kommunen styrker rolla som samfunnsutviklar og pådrivar som legg til rette for samarbeid på klimaområdet mellom ulike aktørar.

Kommunar, fylkeskommunar og enkelte kommunale føretak kan søka om tilskot, saman eller kvar for seg. Tilskot skal vera utløysande for at tiltaka blir gjennomførte, kommunen må bidra med egeninnsats og søknader må vera politisk forankra.

Med atterhald om godkjenning i Stortinget, blir det sett av 250 millionar kroner til Klimasats-ordninga i 2022. Søknadsfrist er 15. februar 2022. I tillegg er det foreslått 40 millionar til klimavennlige hurtigbåtar – søknadsfristen for dette blir fastsett seinare.

Les meir om Klimasats på nettsida til Miljødirektoratet. Eller høyr på webinaret ‘Klimasatsstøtte i 2022'.

Miljødirektoratet har òg lyst ut tilskot til arbeid med klimatilpasning i 2022. Her kan det lesast meir.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.