Tilskot til opprydding av vindfall

Kommunane med grøn farge er med i ordninga tilskot til opprydding av vindfall etter stormen 19.11.2021. Illustrasjon: Knut Sindre Vale

Skogeigarar i utvalde kommunar kan no søkje om tilskot til opprydding av vindfall etter stormen 19. november i fjor. Det er særs viktig at skogeigarar ryddar opp i vindfall, for å førebyggje angrep av granborkbille.

Publisert 16.03.2022, Sist endret 04.07.2023

Om ordninga

Målet med ordninga er å stimulere til opprydding av vindfall for å førebyggje skadar og leggje til rette for ny forynging.

Retningslinene for ordninga er laga av Landbruksdirektoratet, og dei er felles for alle råka kommunar. Ordninga gjeld for skogeigarar i utvalde kommunar i Innlandet, Oslo og Viken og Vestfold og Telemark. Dei aktuelle kommunane har fatta vedtak om å nytte seg av ordninga.

Sjå retningslinene med tilskotssatsar og kriterium i eige dokument til høgre.

Søknad om tilskot

Det kan søkjast om tilskot i ordninga direkte via Skogfondssystemet i Altinn eller på eige søknadsskjema. Søknadsfrist er forlenga til 15. august 2023.

Du skal registrere og dokumentere reelle driftskostnadar og tilhøyrande mengd innmålt virke i m3.

Tilskot under 2 000 kr vert ikkje utbetalt.

Kommunar som er med i ordninga

Dei aktuelle kommunane er vald ut av Statsforvaltaren på bakgrunn av meldingar frå kommunane og informasjon frå Skogbrand forsikringsselskap om innmeldte skadar. I Vestfold og Telemark er det berre skogeigarar i kommunane Tinn, Hjartdal, Vinje, Tokke, Kviteseid, Seljord og Midt-Telemark som kan søkje i ordninga.

Risiko for granborkbille

Vi er svært bekymra for auka risiko for granborkbilleangrep i kommunane som no er råka av stormskadar. Tømmerkjøparane i fylket deler denne bekymringa og vil prioritere hogst på areal kor risiko for borkbilleangrep er stor. Landbruksdirektoratet har lagt ut anbefalt prioriteringsliste for opprydding og anna nyttig informasjon på si nettside for stormfelt skog.

Andre økonomiske verkemiddel

Hugs at skogfond kan nyttast til opprydding av vindfall. Sjå nyheitssak vi skreiv om dette i januar.

Forsikre skogen din!

Skogbrand forsikringsselskap har rekna ut at i gjennomsnitt 60 % av det råka skogarealet etter stormen 19. november 2021 var dekt av forsikring. Fleire hendingar med skadar av snø og vind dei siste åra er eit teikn på at klimaendringane gjer at vi må rekne med at det vi får fleire og mindre føreseielege skadar framover. Skogforsikring er eit rimeleg tryggingstiltak som alle skogeigarar bør ha. Skogforsikring kan refuserast med skogfond. Les meir hjå Skogbrand.

Meir informasjon

Spørsmål om tilskotsordninga, opprydding og forsikring kan du rette til din kommune.