Store skogskadar etter stormen – ver varsam!

Frå Nordbygda i Hjartdal. Foto: Hans Jørgen Aase, Hjartdal kommune
Frå Nordbygda i Hjartdal. Foto: Hans Jørgen Aase, Hjartdal kommune

Stormen som herja nord i fylket 19. november har stadvis ført til store skadar på skogen. Skogeigarar må ta kontakt med profesjonelle for å få rydda opp. Slikt arbeid er farleg! Skogeigarar som har forsikring må melde inn skaden til forsikringsselskapet så snart som råd.

Publisert 24.11.2021

Kommunane og Statsforvaltaren arbeider med å skaffe oversikt over skadeomfanget. Mellom anna skal to tilsette i skogeigarsamvirket AT Skog opp i fly for å gjere observasjonar. Det er meldt om størst skadar i Hjartdal, Tinn, Vinje og Tokke kommunar og spreidde skadar i Kviteseid og Seljord. I resten av fylket var ikkje vinden like brutal, men det er spreidde vindfall over store delar av fylket, særleg i bestandskantar.

Opprydding er viktig

Det er kjend at populasjonen med granborkbiller er aukande i vårt fylke. For å hindre ytterlegare auke av biller og spreiing av skadar vestover og nordover i fylket, er det viktig med god skoghygiene. Mest mogleg av vindfall og stormskadd skog må ryddast opp i og køyrast ut innan tidleg sommar 2022. For å sikre mest mogleg rasjonelt driftsopplegg, er det viktig at skogeigarar raskt tar kontakt med skogeigarsamvirket eller andre tømmerkjøparar, slik at dei kan planlegge hogst og utkøyring.

Meld skaden til Skogbrand så snart som råd

Skogeigarar som har stormforsikring, må melde skaden til Skogbrand forsikringsselskap så snart som mogleg. Dette kan gjerast via «Meld skade»-knappen på selskapet si nettside. Merk at oppryddingsarbeidet ikkje må setjast i gang før forsikringsselskapet har taksert skaden. Erstatninga kan falle bort dersom det vert gjort tiltak i skadefeltet før Skogbrand har synfart skaden.

Ikkje rydd sjølv!

Opprydding i vindfelt skog er farleg arbeid. Det er store spenningar i vindfelt tømmer og i stokkar som ligg på kryss og tvers. Skogeigarar bør derfor nytte profesjonelle aktørar til dette arbeidet. I dei fleste tilfella bør arbeidet overlatast til hogstmaskinentreprenørar. Skogeigarar som skal rydde i eigen skog MÅ skaffe seg nok kunnskap om vindfallhogst før dei går i gong. Det finst kurs i vindfallhogst hos Skogkurs.

Hald deg unna skadeområde

I tillegg til at sjølve arbeidet er farleg på grunn av spenningar i tømmeret, kan det òg vere farleg å ferdast i område med rotvelter etterpå. Rotveltene kan bikke til den eine eller andre sida (med rota opp eller ned) i lang tid etter at tømmerstokken er skore av. Det kan òg vere tre som har velta halvvegs som plutseleg kan ramle over ende av eit vindkast.