Skien og Tønsberg bygde ned mest jordbruksareal i fylket i 2019

Figur som viser antall dekar dyrka og dyrkbar jord som er nedbygd i Vestfold og Telemark fra 1991 til 2019

Av kommunane i fylket vårt er Skien og Tønsberg blant dei 20 kommunane i Noreg med høgaste tal på nedbygging av dyrka jord.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.08.2020

Medhaldsvis 81 daa og 67 daa dyrka jord vart bygd ned i dei to kommunane i 2019, riktig nok slått av fleire kommunar i Rogaland, Trøndelag og Akershus/Oslo. Bak desse tala viser rapporteringa at føremål bustad utgjer vel halvparten av omdisponeringstalet i Skien. I Tønsberg er føremål næring høgast, tett følgt av samferdsel, friområde og bustad.

Den ferske statistikken som mellom anna viser kommunane sine endringar i jordbrukstatistikk vart publisert 15. juni (KOSTRA) og samla i rapporten frå Landbruksdirektoratet. Den gir både ein god oversikt og detaljkunnskap om situasjonen for jordbruksareala våre, og byggjer på kommunane sin eigen rapportering for omdisponering etter jordlova og plan- og bygningslova.

For 2019 er tala framleis vist etter gamal fylkesmodell. Tala for Noreg visar ei samla omdisponering av dyrka jord på 3617 daa og 4540 daa dyrkbar jord i 2019. Det er under den nasjonale målsettinga om ei omisponering på mindre enn 4000 daa dyrka jord årleg innan 2020. Sjølv om jordvernmålet er nådd for Noreg tredje år på rad, er det ikkje ei kvilepute i arbeidet med å sikre matjorda og framtidig matproduksjon naudsynt areal. Tvert imot syner det at medvetent arbeid på alle nivå gir resultat! 

Tala for Vestfold og Telemark syner ei nedbygging av jordbruksareal på 224 daa dyrka jord og 144 daa dyrkbar jord. Av dette viser Vestfold 112 daa dyrka jord og 102 daa dyrkbar jord, og Telemark viser 113 daa dyrka jord og 42 daa dyrkbar jord i 2019. Derav er altså Tønsberg og Skien dei kommunane med høgaste tal for omdisponering pr fylke. Det ligg ulike forklaringar bak desse tala. Mellom anna visar omdisponeringstala eit etterslep og kjem fyrst inn i statistikken det året reguleringsplanen vert vedteken. Talet kan difor vere avsett i kommuneplanar tidlegare under andre føringar. Tala er ei heller korrigert for dei samla arealressursane i kommunen, graden av pressområde og  langsiktige samfunnsnyttige arealdisponeringar. Her er og den samla arealressursen (Arealbarometer) pr kommune og  fylke nyttig kunnskap for å forstå det heile bilete. Samstundes er det uroleg at det framleis byggjast bustadar på dyrka mark i kommunar med mange gode alternativ.

Det er viktig å sjå etter alternativ til nedbygging på jordbruksareal, både den dyrka og dyrkbare jorda, gjennom anna areal, gjenbruk eller fortetting i eksisterande byggjeområde. Nedbygging av jordbruksareal må mellom anna kunne vise til samfunnsomsyn som overgår verdien av jorda. Dette er eit ansvar hos kommunane og noko Fylkemannen mellom anna fylgjer opp i høyringar av arealplanar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.