Mindre nedbygging av jordbruksareal

Dei førebelse tala syner at kommunane i Vestfold og Telemark bygde ned 145 daa dyrka jord og 63 daa dyrkbar jord i 2021. Dette er dei lågaste tala samanlikna med dei siste sju åra.

Publisert 22.03.2022

Tala byggjer på kommunane sine eigne innrapporteringar til KOSTRA og vert kvalitetssikra og endeleg lagt fram i juni. 

Nasjonal jordvernstrategi og mål på omdisponering har fått stadig auka fokus, og det er gjort mange satsingar i fylket. Jordvernet er ei nasjonal interesse som både omfattar dyrka og dyrkbar mark, og er eit av hovudspora i arealplanlegginga. Sidan 2015 har jordvernmålet verte innskjerpa to gonger, og i dag er målet å halde årleg omdisponering av dyrka jord under 3000 daa innan 2025. Dette sett store forventningar til kommunane om ei svært restriktiv nedbygging av jordbruksareal og framtidige jordressursar. Tala for 2021 er såleis gledelege og peikar i riktig retning. 

Det er framleis Sandefjord og Tønsberg som har omdisponert mest, men dei syner ein positiv nedgang frå tidlegare år. For dei to kommunane er medhaldsvis 38 og 26 daa dyrka jord, og 14 og 31 daa dyrkbar jord omdisponert i 2021. Men og Larvik , Midt-Telemark og Hjartdal har omdisponert mellom 15 og 20 daa jordbruksareal kvar. Næring og samferdsel er i hovudsak formål det omdisponerast mest til. Vi ser at nedbygging av jordbruksareal til bustadutbygging utgjer ei stadig mindre del. Dette er i tråd med arealprinsipp om gjenbruk og fortetting saman med sterke samfunnsomsyn ved omdisponering til bustad.

Tabell 1: Omdisponering av dyrka jord i perioden 2015-2021 for Vestfold og Telemark (KOSTRA). *2021 er førebelse tal.

image04nc.png

Tabell 2: Omdisponering av dyrkbar jord i perioden 2015-2021 for Vestfold og Telemark (KOSTRA).*2021 er førebelse tal.

Tabell 2.png

Tabell 3: Omdisponering av dyrka og dyrkbar jord fordelt på kommunane i 2021 (KOSTRA). *Førebelse tal.Tabell 3.png

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.