Varsel om forvaltningskontrollar i kommunane i 2026
Brevet inneheld ei oversikt over kontrollar innan jordbruk og skogbruk som Statsforvaltaren skal gjennomføra i kommunane dette året.
Publisert 16.04.2026
Auka fokus på rettleiing i 2026
I 2026 vil vi halde fram med å leggje vekt på arbeidet i kommunane med internkontroll for dei økonomiske tilskotsordningane innan landbrukssektoren. Forvaltningskontrollane skal ha ei dreining mot større grad av rettleiing enn kontroll.
Kva skjer vidare?
Dette brevet varslar om kontrollane. I etterhand tek vi kontakt for å avtale mogelege tidspunkt for kontroll med kvar einskild kommune. Datoane vert i etterhand stadfeste med brev som òg gir fleire detaljar om tema, innhald og tidsplan.
Sjå brev med varsel under dokumenter.