Førehandsvarsel –Søknad om utfylling Frier Vest – Fase 1: Mellom Asdalstrand og Rønningen ved Stotjenna og Bukkholmen

Høringsfrist:
13. august 2021

Frier Vest AS søker om løyve til å fylle ut for landvinning til å utvikle industriareal i Bamble kommune.

Publisert 25.06.2021

På vegne av Frier Vest AS søkte Asplan Viak AS 18.06.2021 (søknadsskjema datert 11.06.2021) om løyve etter forureiningsregelverket til å fylle ut inntil 75 000 m3 over eit areal på 22 500 m2 i sjø. Utfyllinga skal utførast ved mellom Asdalstrand og Rønningen ved Stotjenna og Bukkholmen, gbnr. 7/4, 7/35, 7/37, 8/2, 8/8, 8/13 og 8/15 i Bamble kommune. Tiltaket utgjer fase 1 av utfylling av totalt 190 000 m2.

Føremålet med å fylle ut er å oppnå økt landareal for å utvikle industriareal.  Arbeidet skal utførast med gravemaskin frå land og ved bruk av splittlekter. Det skal nyttast sprengstein frå nærliggande landområde innanfor planområdet. Det vert informert om at før utfylling i Stotjenna skal det bli etablert permeabel demning i alle utløpa frå Stotjenna. Utanfor vil det bli nytta siltgardin. Ved utfylling sør for Bukkholmen vil det bli nytta siltgardin. I tillegg vil tiltakshavar overvake turbiditet.    

Sjøbotnen i tiltaksområdet har blitt analysert for miljøgifter ved 17 stasjonar, der fem stasjonar er innanfor det aktuelle utfyllingsarealet for fase 1. Resultata frå dette området viser konsentrasjonar av kvikksølv, fluoranten og dioksiner tilsvarande inntil tilstandsklasse V (svært dårleg), jf. klassifiseringssystem for sediment (M-608|2016 «Grenseverdier for klassifisering av vann, sediment og biota»).

I Miljødirektoratet sin Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram at tiltaket det er søkt om vil få følgjer for lokaliteten Asdalstranda som er eit lokalt viktig «bløtbunnsområde i strandsonen» og at den trua karplanten småvasskrans er observert i området.

 

Eventuelle merknader til søknaden kan innan 13.08.2021 sendast til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no

Høringsfrist:
13. august 2021

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Elisabet Rui
Telefon 33 37 11 78

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding