Betaling for utdanning i kvalifiseringsprogrammet

Arbeids- og velferdsdirektoratet har avklart at Nav må betale for utdanninga når den inngår som del av eit kvalifiseringsprogram, sjølv om deltakaren kan få finansiering i Lånekassa.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.03.2022

Kvalifiseringsprogram (KVP) er ei teneste Nav kan tilby personar med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne. For å ha rett på KVP må denne tenesta vere hensiktsmessig og nødvendig for å styrke personen sin moglegheit for deltaking i arbeidslivet.

Utdanning kan inngå i kvalifiseringsprogrammet, dersom utdanninga kan styrke deltakarens moglegheit til å kome i arbeid etter at programmet er slutt. Spørsmålet er då om Nav må dekkje utgiftene til utdanning når dette er del av kvalifiseringsprogrammet, og om Nav må ta kostnaden sjølv om deltakaren har finansieringsmoglegheit i Lånekassa.

Når Nav finn at ein person har rett på kvalifiseringsprogram der utdanning inngår, så har Nav konkludert med at vedkomande ikkje kan klare utdanninga utan tett og koordinert oppfølging. Direktoratet har i brev datert 13. januar 2022 slått fast at det ikkje er relevant kva for finansieringsmoglegheiter deltakaren har, som til dømes Lånekassa. Når Nav har konkludert med at utdanninga er eit eigna tiltak, så skal Nav dekke kostnaden uavhengig av om deltakaren kunne fått finansiering gjennom Lånekassa.

Se brev frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til Statsforvaltaren i Vestland i boksen "Dokument".

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.