Tilsyn på barnehage-, skole- og integreringsområdet 2023

Vi vil føre tilsyn med mellom anna kommunen som barnehagemyndigheit, elevanes utbytte og spesialundervisning i skole, samt kommunens internkontroll på skolemiljøområdet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.02.2023

Statsforvaltaren fører tilsyn for å sikre at kommunane og fylkeskommunen oppfyller krava i regelverket. Hensikta er å sikre eit godt, trygt og likeverdig barnehage- og opplæringstilbod for alle.

Når vi vel ut barnehagar, skolar og kommunar som tilsynsobjekt, baserer vi oss på risikovurderingar. Desse fortel oss kor det er sannsynleg at det skjer brot på regelverket, og kor alvorlege konsekvensane av regelverksbrot kan bli.

Vi har per i dag vald ut desse tema for tilsyn i 2023

  • rettleiing og tilsyn frå barnehagemyndigheita
  • rett til spesialpedagogisk hjelp (barnehagemyndigheit)
  • individuelt tilrettelagt barnehagetilbod for barn med nedsett funksjonsevne (barnehagemyndigheit)
  • spesialundervisning, fatte vedtak
  • skolens arbeid med eleven sitt utbytte av opplæringa
  • skulemiljø og kommunens internkontroll
  • ordensreglement og bruk av bortvising som sanksjon
  • oppfyllinga til kommunen av plikter etter introduksjonslova og integreringslova

Meir informasjon

Statsforvaltaren har i oppdrag å samordne statlege tilsyn retta mot kommunane i fylket. Etter at tilsynsplanane er godkjende, blir dei publiserte i nasjonal tilsynskalender. Me gjer dykk merksame på at det kan skje endringar i løpet av året.

Her finn du oversikt over tilsyn som er lagt inn i nasjonal tilsynskalender for 2023.

RefLex er eit verktøy for tilsette i barnehage og skole, og ei hjelp til å reflektere rundt korleis ein jobbar med regelverket.

Her finn du informasjon om dei nasjonale tilsynsopplegga på barnehage- og skoleområdet.

Her finn du informasjon om Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) sine tilsynstema for 2022-2024. 

Du kan lese meir om tilsyn på Utdanningsdirektoratet sine sider her.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.