Tilsyn

Oppdatert 20.12.2023

Barn, unge og vaksne har rett på eit godt, trygt og likeverdig tilbod når dei går i barnehagen og på skulen. Eit nasjonalt regelverk gir kommunar, barnehagar og skular ei ramme for korleis desse rettane skal sikrast. Statsforvaltarens tilsyn bidreg til å sikre av kommunar og fylkeskommunen oppfyller krava i regelverket.

Sjølv om Statsforvaltarens tilsyn rettar seg mot skuleeigar, er det som regel nødvendig å undersøke praksisen ved skulane.

Vi vurderer risikoen

I framkant av eit tilsyn gjer vi risikovurderingar for å velje ut kommunar, skular og tidspunkt og tema for tilsyn. Det betyr at vi vurderer kor sannsynleg det er med brot på regelverket og kor alvorlege konsekvensane kan bli for dei som er råka. Når tilsyn baserer seg på risikovurderingar, blir dei meir treffsikre, og vi finn som regel brot på regelverket når vi gjer tilsyn.

Ulike typar tilsyn

Det er fleire måtar å gjere tilsyn på:

  • Statsforvaltaren og Utdanningsdirektoratet fører felles nasjonale tilsyn. I nasjonale tilsyn er det valt ut felles tema der vi undersøkjer praksisen i skular og barnehagar. Statsforvaltaren gjer risikovurderingar for å velje ut kva kommunar og skular som skal kontrollerast.
  • I eigeninitierte tilsyn har vi større handlefridom, og kan til dømes kombinere delar av nasjonalt tilsyn, lage eigne tilsynsopplegg og tilpasse tilsynet på bakgrunn av kunnskap om kommunen, barnehagen og skulen, eller ei konkret hending.
  • Ved oppfølgingstilsyn kontrollerer vi om ein tidlegare tilsynskommune har gjort pålagde endringar eller har gått tilbake til ein praksis som er i strid med regelverket.
  • Eit tilsyn kan vere skriftleg eller stadleg. Ved skriftleg tilsyn gjer vi undersøkingar og vurderingar på bakgrunn av skriftleg dokumentasjon frå kommunen. Ved stadlege tilsyn blir den skriftlege dokumentasjonen supplert med intervju og/eller synfaring. Vi kan gjennomføre møte og intervju på staden eller digitalt.

Opning av tilsyn

Vi sender eit opningsbrev til kommunen der vi informerer om tilsynet og ber om å få tilsendt dokumentasjon. Kommunen kan klage på pålegget om å sende inn dokumentasjon innan tre dagar.

Vi skriv ein rapport

Vi skriv ein førebels tilsynsrapport på bakgrunn av dokumentasjonen vi har fått frå kommunen og eventuelle intervju som er gjort. Kommunen kan kommentere og gi tilbakemelding på rapporten. Etter dette skriv vi ein endeleg tilsynsrapport.

Der vi avdekkjer brot på regelverket etter førebels tilsynsrapport, får kommunen i endeleg tilsynsrapport pålegg om å endre praksis. Kommunen får ein rimeleg frist til å rette.

Tilsynsrapportane våre er offentlege og blir publisert i tilsynskalenderen vår, nokre gonger også som ei nyhendesak på nettsida vår.

Kven gjer kva i tilsynsarbeidet?

Kunnskapsdepartementet har det overordna ansvaret for tilsyn med barnehagar og skular i Noreg. Statsforvaltaren gjennomfører tilsyn med offentlege skular. Utdanningsdirektoratet har ansvar for å føre tilsyn med private skular.

På barnehageområdet har vi tilsyn med kommunens ansvar som barnehagemyndigheit. Vi kan i særlege tilfelle føre tilsyn med barnehagar, men hovudregelen er at kommunen sjølv har ansvar for å kontrollere at både kommunale og private barnehagar følgjer regelverket.

Utdanningsdirektoratet set rammer for, og koordinerer tilsynsarbeidet hos statsforvaltarane. Direktoratet stiller krav til omfang og korleis tilsyna blir gjort. Statsforvaltaren samhandlar med andre statlege tilsynsorgan og revisjonar slik at ikkje tilsynsbelastninga blir for stor på den enkelte kommune.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 22.01.2024

Tilsynsaktivitet på barnehage-, skole og integreringsområdet i 2023

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har som oppgåve å føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og kommunen som skoleeigar. Tilsyn skal bidra til at rettstryggleiken for barn og elever blir ivaretatt. I 2023 har vi gjennomført 14 tilsyn.


Publisert 09.02.2023

Tilsyn på barnehage-, skole- og integreringsområdet 2023

Vi vil føre tilsyn med mellom anna kommunen som barnehagemyndigheit, elevanes utbytte og spesialundervisning i skole, samt kommunens internkontroll på skolemiljøområdet.