Stigande fråvær i grunnskule og vidaregåande skule
Tal henta frå inntakssystemet VIGO syner fråværet for elevar på 10. trinn. I Vestfold er median for fråvær i 2024-25 11 dagar og 8 timar. Det er eit auke med ein heil dag og ein heil time samanlikna med skuleåret 2023-24. I Telemark er median for fråvær 9 dagar og 7 timar. Dette er eit auke på ein heil dag samanlikna med skuleåret 2023-24.
På landsbasis syner statistikken at kvar tiande elev på vidaregåande skule har 20 dagar eller meir i fråvær.
Fråværsstatistikken er høgast blant jenter på yrkesfag, med eit fråvær på tre dagar meir samanlikna med gutar på yrkesfag. Fråværet blant gutane er høgast på studieførebuande fag. Det er i tillegg store skilnader mellom timefråværet, og den aller største skilnaden her er mellom gutar på studieførebuande og gutar på yrkesfag. Her skil det heile 11 timar fråvær.
Årsaka til auka fråvær er komplekse og samansett. Udir skriv at ut ifrå det kunnskapsgrunnlaget vi har i dag kan vi ikkje forklare kva aukingane i fråvære skuldast.
Skulefråværet blant elevar har auka kraftig etter pandemien i mange OECD-land, inkludert USA, Storbritannia og Australia. I enkelte land har fråværet flata meir ut, men det er framleis på eit høgre nivå enn før pandemien braut ut.
Sjå lenke for meir informasjon om fråvær i grunnskulen og vidaregåande skule her:
Kontaktpersoner
-
Kristine Sti
Tlf: 33 37 11 96 -
Liv Tone Gundersen
Tlf: 33 37 10 55