Søknadsfrist 15. mars for utviklingsmidlar i landbruket

Foto: Ivar Ødegård.

Kommunar, organisasjonar, forskings- og utviklingsinstitusjonar kan søke Innlandet fylkeskommune om tilskot til utvikling i landbruket frå dei regionale tilretteleggingsmidlane (RT) og dei regionale rekrutterings- og kompetansemidlane (RK).

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.02.2022

Tilskotet skal legge til rette for regional næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving. Målet er å styrke verdiskapinga i landbruket.

Det er fylkeskommune som har ansvaret for ordninga, og Statsforvaltaren bidreg inn i arbeidet gjennom partnarskapen med fylkeskommunen, Innovasjon Norge og faglaga i landbruket.

I midten av februar arrangerte vi i partnarskapen eit søkeseminar for kommunane og andre aktuelle søkarar. Det var stor interesse for å få informasjon, og meir enn 60 personar deltok i seminaret.

For meir informasjon og søknadsskjema sjå Innlandet fylkeskommune.