3,6 milliarder kroner utbetalt i produksjonstilskot i Innlandet for 2025
Tall frå Landbruksdirektoratet viser at det vart utbetalt 3,6 milliarder kroner i produksjonstilskot og avløysartilskot til bønder i Innlandet etter søknadsåret 2025.
Produksjonstilskot og avløysartilskot blir gitt til arealer, husdyr, dyr på beite og dokumenterte utgifter til avløysing for ferie og fritid. I alt har 6 547 føretak i fylket fått utbetalt produksjonstilskot og avløysartilskot for 2025. Om lag 20 søknader er ikkje ferdig behandla enno. Det var 63 færre føretak som søkte tilskot enn i 2024.
Tilskota er viktige for økonomien i jordbruket og for å oppretthalde matproduksjonen, sysselsetjinga, verdiskapinga og kulturlandskapet i heile fylket.
Du finn ei fullstendig oversikt over kor mykje som vart utbetalt i tilskot for heile landet, fordelt på fylke, kommune og einskilde føretak, her: Tilskudd til jordbruksforetak - Landbruksdirektoratet
Kontaktpersoner
-
Tordis Fremgården
Tlf: 62 55 12 09 -
Karen Saksum
Tlf: 61 26 61 46