Vaksenagronom søknadsfrist 1. mars

Ku som strekker seg mot fotografen
Gjennom utdanninga som vaksenagronom lærer ein blant anna om husdyrproduksjonar. Foto: Anne Berit Grasbakken.

Vaksenagronom er eit tilbod om landbruksutdanning for deg som er vaksen. Det passar for deg som skal overta eller har overtatt ein gard. Det kan også passe om du er utan gard, men er interessert i landbruk.

Publisert 28.02.2023

Søknadsfristen er 1. mars, men det går an å søke etter denne datoen så lenge det er ledige plassar.

Tre av dei vidaregåande skulane i Innlandet tilbyr vaksenagronom. Du kan lese meir om tilbodet hos Innlandet fylkeskommune.

Statsforvaltaren bidreg i arbeidet med rekruttering og utdanning i landbruket gjennom partnarskapen med Innlandet fylkeskommune, Innovasjon Norge Innlandet og landbruksnæringa.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.