Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Treng du dokumentasjon for å bruke utanlandsk arbeidskraft i grøntnæring?

Brokkoli
Brokkoli Foto: Anne Berit Grasbakken.

I statsråd i dag, 26. mars, vart det fastset ei forskrift om søknad om unntak frå innreiserestriksjonane for utlendingar som er strengt naudsynte for å oppretthalde forsvarleg drift i grøntnæringa.

Publisert 22.03.2021, Sist endret 26.03.2021

Regjeringa varsla sist fredag, 19. mars, at dei set i verk ei dokumentasjonsordning for grøntnæringa ved behov for utanlandsk arbeidskraft. I dag kom forskrifta. Ordninga er endra frå ei dokumentasjonsordning til ei søknadsordning. Det er Landbruksdirektoratet som administrerer ordninga.

Bakgrunnen er at det vart innført strenge innreisereglar til Noreg frå 29. januar for å hindre importsmitte. Regelverket opnar opp for unntak der det er strengt naudsynt med utanlandsk arbeidskraft for å sikre kontinuitet i kritiske samfunnsfunksjonar som blant anna matproduksjon. Føretak som driv med grøntnæring kan søke Landbruksdirektoratet for å få unntak frå innreiserestriksjonane.

Les heile saka hos regjeringa og hos Landbruksdirektoratet som administrerer ordninga.