Nettseminar: Næringsutvikling i landbruket
- Dato:
- 12. november 2025 09:30 - 11:00
- Sted:
- Digitalt via Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Innovasjon Norge
- Målgruppe:
- Landbrukskontor og kommunar i Innlandet
- Påmeldingsfrist:
- 11. november 2025 12:00
Gjennom fire nettseminar i 2025 ønsker vi å skape ein møteplass for fagleg påfyll, inspirasjon og styrking av nettverk. Det fjerde og siste seminaret kjem 12. november.
Programmet er i skrivande stund under arbeid. Vi kan røpe at vi jobbar med tre tema; skogbruk, Matfylket Innlandet og svineproduksjon. Programmet skal vere ferdig i månadsskiftet oktober/november.
Det skjer mye spennande innan næringsutvikling i landbruket. Kommunane i Innlandet er involvert i ulike prosjekt og tiltak, og det same gjeld for fylkeskommunen, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren. Målet med nettseminara er nettopp at vi møter kvarandre for å dele kva som skjer, for påfyll og inspirasjon til å utvikle landbruket vårt.
Vi sender program og lenke til Teams pr. e-post til alle påmeldte dagen før seminaret.
Tidlegare i år har vi gjennomført tre nettseminar om næringsutvikling i landbruket den 20. februar, 24. april og 28. august. Vi har vore innom mange tema, blant anna IBU-midlar, frå bås til lausdrift, kurstilbod, tiltaksplan skogbruk, samarbeid og rådgjeving for utvikling i landbruket, Matfylket Innlandet, setring, ny reiselivsstrategi og energi.
- Dato:
- 12. november 2025 09:30 - 11:00
- Sted:
- Digitalt via Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Innovasjon Norge
- Målgruppe:
- Landbrukskontor og kommunar i Innlandet
- Påmeldingsfrist:
- 11. november 2025 12:00