Utsleppsløyve til Bergene Holm, Åmli

Får løyve til brenning av returflis på visse vilkår.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.01.2013

Bergene Holm AS, Nidarå ynskjer å brenne sortert returflis frå treavfall for å bruke energien til trelastproduksjon på anlegget i Åmli kommune. Utsleppsløyvet gjeld årleg utslepp frå 20 000 tonn returflis. Krava i utsleppsløyvet gjeld utslepp til luft og regulerer utsleppskomponentar som m.a. karbonmonoksid, nitrogenoksider, støv, tungmetaller og dioksoner.

Returtreflis inneheld mindre mengd forureiningar og søknaden er difor relatert både til utsleppsgrensa frå forureiningsforskrifta kapittel 27 og avfallsforskrifta kapittel 10, og vil ta med dei parametra og dei grenseverdiane som er relevante for den sorterte returtreflisen.

Partane og andre med klagerett etter forvaltingslova kan klage til Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif) over vedtaket innan 3 veker etter at vedtaket er motteke.

Her kan du lese søknaden frå Bergene Holm AS, Nidarå og Fylkesmannens brev av 14.1.13 til Bergene Holm AS, Nidarå med utsleppsløyve av 14.1.13.

Kontaktpersoner