Romeplanta – årsak til dyredød på beite

Mattilsynet, region Sør og Vest har fått meldingar om døde storfe – romeplanta er mistenkt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.07.2018

Sjølv om rome er nokså giftig, er den til vanleg ikkje noko problem for beitande husdyr. Årets tørke har ført til beiting på myrlendte område med mykje romeplantar som dyra tidlegare har unngått.

Hjå storfe kan større inntak av rome føre til akutt nyresvikt og død.

Ved større inntak kan rome kan gi alveld hjå sau. Alveld er ein sjukdom som gir sau/lam leverskade, gjer dei særs vare for sollys og gir dei oppsvulma ansikt og øyrer. I verste fall kan dyra bli blinde og stryke med i store smerter. Kvit sau er mest råka. 

Akutte tiltak

Sett inn dyra for å beskytte dei mot sollys. Syt for at sjuke dyr får god tilgang på høy og vatn. Påføring av ein feit salve på oppsvulma område kan lindre smerter og hemme utviklinga av sekundærsjukdomar.

Inngjerding av område med mykje romeplantar er eit effektivt, men krevjande tiltak.

Romeplanta

Rome er ein middels høg, glatt, fleirårig plante med krypande jordstengel. Den har gule blomar med raude støvknappar. Den veks på kalkfattig grunn i grasmyrar, sigevassmyrar og fuktheiar. 

Lenke til meir informasjon om romeplanta i plantevernleksikonet.