Resultat frå forskingsprosjektet Lærande regionar

Kva kan vere grunnane til at elevar i Sogn og Fjordane gjer det så bra samanlikna med blant anna elevar i Aust-Agder?

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.04.2015

Praksisretta utdanningsforsking

Kva er grunnane til det som blir kalla Sogn og Fjordane-paradokset? Etter 2006 har Sogn og Fjordane, saman med Oslo og Akershus, prestert på topp i nasjonale prøvar i rekning, lesing og engelsk sjølv om inntekts- og utdanningsnivået i fylket er lågare enn det nasjonale gjennomsnittet. Kva kan vere grunnane til at elevar i Sogn og Fjordane likevel gjer det så bra? Dette er det spørsmålet 12 forskargrupper i Lærande Regionar har forska på. I prosjektet har forskarane samanlikna fire fylke: Aust-Agder, Oppland, Nord-Trøndelag og Sogn og Fjordane. Lærande Regionar er eit PRAKUT- prosjekt som har vore støtta av Norges forskningsråd.

Resultata vart lagt fram på sluttkonferansen den 12.-13. mars 2015 på Grand Hotel i Oslo. Presentasjonane til forskarane finn du i høgremargen.

I mai 2015 kjem antologien "Skolens kvalitet bestemmes lokalt" (Fagbokforlaget). Gjert Langfeldt, som sette i gang prosjektet,er vitenkapeleg redaktør og koordinator for antologien. Prosjektet er sidan september 2013 leia av professor Gøran Søderlund ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Du finn meir infornasjon om prosjektet her.