Plikt til skule - kva med retten til ein trygg skuledag?

Utdanningsdirektørane i sørvest har samla skrive eit innlegg om innsats mot mobbing.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.09.2014

Sara får ikkje sove. Kunne ho berre sleppe å gå på skulen i morgon! Ho skjønar at ho ikkje blir invitert i bursdagen til Hilde heller – det er vondt å ikkje får vere med, å vere utanfor når dei andre kviskrar om kva dei skal gi i presang. Ho orkar ikkje snakke med mamma om det, mamma blir berre lei seg, så vil ho snakke med skulen, og då bli alt enno verre. Den som berre kunne krype under dyna og bli borte...

Så lenge vi har barn og unge som ikkje trivst i skulekvardagen, som ikkje får vere ein del av fellesskapen med andre elevar, som blir utsette for krenkingar eller som blir mobba – like lenge må vi som har eit ansvar for elevane, gjere det vi kan for å hindre at dette skjer.

Vi veit at det finst elevar i mange klassar, på dei fleste skular og i alle kommunar som ikkje trivst på skulen. Dei går til skulen kvar dag, redde for å vere utanfor, redde for å bli utsette for aktive krenkingar i form av blikk, ord og handlingar. Mange foreldre sender kvar dag ungane sine til skulen med same uro for korleis dagen skal gå. Slik kan vi ikkje ha det.

Her til lands har alle plikt til ti års grunnskuleopplæring. Sidan det er ei plikt å gå på skulen, må denne plikta følgjast av ein rett til ein trygg skuledag. Denne retten er godt plassert i lovverket, og vi har liten grunn til å tru at han ikkje er godt kjend i skulane våre. Men retten er altså ikkje sterk nok til å trygge alle.

I samband med den årlege kampanjeveka mot mobbing, snakka vi utdanningsdirektørar i sørvestfylka saman om korleis vi ser på situasjonen på bakgrunn av statistikk, tilsyn og klagebehandling i kvar våre fylke. Også mange spørsmål pr. telefon og e-post frå foreldre, frå tilsette i skolar og kommunar og nokre få gongar frå elevar sjølve, er med i dette bildet.

Framleis viser den årlege elevundersøkinga at mange elevar blir plaga og mobba på skulen. Ut frå desse tala skulle ein tru at mange klager nådde Fylkesmannen sitt bord, men slik er det ikkje. Rett nok har det vore ein liten auke dei seinare åra, men vi snakkar likevel om eit omfang som kan teljast på ei hand eller to i kvart av fylka.

Det er ikkje råd å generalisere ut frå dei klagene vi har hatt til behandling, men eit visst mønster meiner vi å sjå: Problema har oftast vart over tid, det er ikkje funne tiltak som løyser problema eller vedtekne tiltak er ikkje gjennomførte. Skulen og foreldra til eleven har ofte ulik oppfatning av kva og kor stort problemet er. I mange saker er tilliten til skulen broten, og kommunikasjonen mellom heim og skule lir under det.

Gjennom tilsyn kjem det ofte fram at skulane må gjere forbetringar i dei rutinane og planane dei har for å førebyggje krenkande åtferd, og for å handtere situasjonar der slikt likevel skjer. Men mange av klagesakene viser at det ikkje er rutinane som er utfordringa. Det er dei vaksne sine haldningar saman med manglande evne og vilje til å sjå det som skjer og til å gripe inn som gjer skoledagen utrygg for mange.

Retten til ein god, trygg og trivselsfremjande skulekvardag er altså ein lovfesta rett. Med det har alle tilsette i skulen fått eit ansvar og ei plikt til å gjere det som står i deira makt for å sikre kvar einaste elev ein slik kvardag. Skular flest jobbar systematisk for at elevane skal trivast og at miljøet skal vere godt. Men skular flest har samstundes elevar som ikkje kjenner seg trygge og inkluderte, som må tole både ignorering, blikk og sårande ord, direkte eller på nett og mobil. I mange tilfelle inneber slikt rein og skjær mobbing.

Skulen er i ei særstilling når det gjeld ansvaret for å sikre barna våre trygge og gode oppvekstvilkår. Skulen er også i ei særstilling når det gjeld å ha tilgang på kompetanse om kva eit god skulemiljø skal vere kjenneteikna av og korleis gode, inkluderande skulemiljø kan utviklast og haldast ved like. Det elevane våre treng, er lærarar og skuleleiarar som evnar å sjå etter dei teikna på vantrivnad som ikkje er openberre eller tydeleg uttalte, som evnar å gripe inn kvar einaste gong ein ser noko som har potensiale i seg til å ramme, som spør eleven ved minste tvil om alt er greitt, og ikkje minst som høyrer eleven når ein skal leite seg fram til gode løysingar på problema, løysingar som eleven sjølv har tru på.

Ei veke i året blir det arrangert ein nasjonal kampanje mot mobbing. Alle som arbeider med og for barn og unge, er inviterte til å ta del i denne veka. Dette er viktig og nødvendig fordi vi har barn og unge som lir under krenkingar og mobbing. Kampanjeveka medverkar til å setje mobbing på dagsorden. Men det er alle vekene og månadane fram til neste års kampanje vi må bruke til å få slutt på den plaginga som skjer. 

Den siste elevundersøkinga viser tydeleg at det er behov for innsats på dette området:

http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/pressesenter/pressemeldinger/2014/En-av-fem-elever-opplever-krenkelser.html?id=766064

 

Skrive av:

Åslaug Krogsæter, utdanningsdirektør, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Anne K. Hjermann, utdanningsdirektør, Fylkesmannen i Hordaland
Sølvi Ona Gjul, utdanningsdirektør, Fylkesmannen i Rogaland
Åse Kiledal, utdanningsdirektør, Fylkesmannen i Vest-Agder
Karen Junker, utdanningsdirektør, Fylkesmannen i Aust-Agder